Jens Kihl (fødd 12. april 1986) er ein norsk målmann, journalist og forfattar.[1] Han var leiar av Norsk Målungdom (NMU) i perioden 2007–2009[2] og nestleiar i Noregs Mållag 2010–2012 og 2016–2018.[3][4] Tidlegare har Kihl vore politisk aktiv mellom anna med lokalpolitiske verv og som tilsett i SV, og som medlem i arbeidsutvalet i Nei til EU. Han har arbeidt som journalist i Klassekampen. I 2018 vart han tilsett som politisk kommentator i Bergens Tidende.[5] I 2021 tok han over som kulturredaktør i same avis.[6] I 2017 vann Kihl Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for bruken av nynorsk i Klassekampen.[1]

Jens Kihl

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. april 1986 (38 år)
Oslo Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, politikar
Prisar Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar

I 2019 gav Kihl ut Dette er også Noreg, om ei reise gjennom alle kommunane i Noreg.[7]

Verkliste

endre
  • 2019 – Dette er også Noreg. Det norske Samlaget.[8]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Waatland, Erik (1. september 2017), «Politisk journalist og nynorskaktivist Jens Kihl (31) forlot SV på en tirsdag og begynte i Klassekampen mandag. Kaller seg «definisjonen på å være venstrevridd»», Medier24.no (på norsk), henta 16. august 2019 
  2. «Norsk Målungdom», malungdom.no, henta 16. august 2019 
  3. «Ny nestleiar! - Noregs Mållag», www.nm.no, henta 16. august 2019 [daud lenkje]
  4. «Sak 14 Val - Noregs Mållag», www.nm.no, henta 16. august 2019 [daud lenkje]
  5. Mari Skurdal (12. oktober 2019). «Formalisme». Klassekampen. s. 2. 
  6. «Han er ny kulturredaktør i BT», www.bt.no (på norsk bokmål), henta 1. januar 2023 
  7. Samlaget, «Dette er også Noreg. Kommunal feelgood», Samlaget, arkivert frå originalen 6. oktober 2019, henta 6. oktober 2019 
  8. Samlaget, «Jens Kihl», Samlaget, henta 6. oktober 2019