Jens Lehmann

tysk skodespelar og fotballspelar

Jens Gerhard Lehmann (fødd 10. november 1969) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Essen. Han var målvakt på dei tyske landslaga som vann VM-bronse på heimebane i 2006 og EM-sølv 2008. Lehmann vann UEFA-cupen 1996 med Schalke 04, den tyske fotballserien 2002 med Borussia Dortmund og han vart engelsk ligameister 2004 og engelsk cupmeister 2005 med Arsenal FC. På litt over ti år, 1998-2008, spelte han 61 landskampar for Tyskland.

Jens Lehmann
Jens Lehmann - 2019202184453 2019-07-21 Champions for Charity - 3017 - B70I3052 (cropped).jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Jens Gerhard Lehmann
Fødd 10. november 1969 (50 år)
Fødestad Essen i Vest-Tyskland
Høgd 190 cm
Posisjon Målvakt
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1988–1998
1998–1999
1999–2003
2003–2008
2008–2010
2011
Schalke 04
Milan
Borussia Dortmund
Arsenal
Stuttgart
Arsenal
274 (0)
5 (0)
129 (0)
147 (0)
65 (0)
1 (0)
Totalt 621 (0)
Landslag
1998–2008 Tyskland 61 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KjelderEndra

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.