Jens Rolfsen (24. juli 176517. desember 1819) var ein norsk skipper, kjøpmann og eidsvollsmann.

Jens Rolfsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. juli 1765
Kristiansand kommune
Død

17. desember 1819 (54 år)
Bergen

Yrke politikar
Språk norsk
Jens Rolfsen på Commons

Rolfsen var fødd i Kristiansand, som son av ein skipsbyggjar og verftseigar. Sjølv byrja han på faren sitt skipsbyggeriet, var sidan skipper ei tid. Han slo seg ned i Bergen, der han dreiv kjøpmannskap. Elles hadde han verv sjukehusforstandar og forlikskommissær.

I 1814 var Rolfsen ein av utsendingane frå Bergen til riksforsamlingaEidsvoll, dei andre var Wilhelm Frimann Koren Christie, Frederik Meltzer og Jonas Rein. Rolfsen var medlem av finanskomiteen. 17. mai 1814 var han med i deputasjonen som møtte den nyvalde kongen, Kristian Fredrik. Han høyrde til sjølvstendepartiet.

Rolfsen var gift med Mette Brun, dotter av Johan Nordahl Brun, og var farfar av Nordahl Rolfsen.

I 1814 budde Rolfsen i Domkirkegaten 9 i Bergen. Etter å ha gifta seg i 1793 kjøpte han huset seks år seinare. Det står framleis.[1]

Rolfsen døydde i Bergen i 1819 kort tid etter at han gjekk konkurs.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Erlend Hofstad (2014). «Jens Rolfsen og Domkirkegaten 9 i Bergen». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter. Eidsvollsmennene og deres hus. Oslo: Cappelen Damm. s. 396—399. ISBN 978-82-02-44564-5.