Jentegruppe
Ei jentegruppe (engelsk girl group) er ei musikalsk gruppe som består av fleire kvinnelege songarar som generelt syng i lag i harmoni. Omgrepet «jentegruppe» vert i snevrare forstand nytta om ei bølgje av amerikanske kvinnelege popgrupper, mange påverka av doo-wop, som oppstod seint i 1950- og tidleg i 1960-åra då den første rock and roll-bølgja var på hell og før den britiske bølgja byrja.[1][2]
Jentegruppe | |||
| |||
Stilmessig opphav | 1930-åra til 1970: varieté, vaudeville, swing, jump blues, rhythm and blues, rock and roll, soul, gospel, tradisjonell pop 1970–1990: disco, power pop, poprock Etter 1990: pop, dance-pop, tenåringspop, pop-punk, contemporary R&B, hiphop, electropop, k-pop, j-pop | ||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | 1930-åra i USA | ||
Typiske instrument | Vokal, elektronisk akkompagnement, elektrisk gitar, bassgitar, trommer, klaverinstrument | ||
Avleidde former | Guteband, tenåringspop, riot grrrl, tyggegummipop |
Band der alle medlemmane er kvinner og spelar alle instrumenta sjølv vert vanlegvis rekna som noko anna, og vert stundom omtalt som «jenteband».[3]
Etter kvart som musikk- og radioindustrien oppstod, oppstod ei rekkje jentegrupper, som Andrews Sisters. Seint i 1950-åra dukka ei rekkje kvinnelege vokalgrupper opp og i alt var det 750 jentegrupper som gav ut songar som nådde salslistene i USA og Storbritannia mellom 1960 og 1966.[4] The Supremes aleine fekk 12 singlar på toppen av Billboard Hot 100 på sitt mest populære og gjennom heile den britiske bølgja var dei nesten like populære som The Beatles.[5] I seinare tider har jentegruppe-malen blitt nytta innan disco, moderne R&B og country, i tillegg til innan pop. Ein meir globalisert musikkindustri førte til at danseprega popmusikk vart ekstremt populært.[6] Denne bølgja, leia av USA, Storbritannia, Sør-Korea og Japan, har skapt særs populære grupper og åtte grupper som debuterte etter 1990 har seld meir enn 15 millionar fysiske album kvar. Sidan seint i 2000-åra har òg Sør-Korea blitt særs populære og åtte av dei ti mest nedlasta jentegruppene verda over kjem derfrå.
Bestseljande jentegrupper
endreArtist | Nasjonalitet | Tal på medlemmar | Aktiv periode | Sjanger | Studioalbum | Påstått sal |
---|---|---|---|---|---|---|
Spice Girls | Storbritannia | 5 → 4 → 5 | 1994–2000, 2007–2008 (8 år) | Pop | 3 | 85 millionar[7][8] |
The Andrews Sisters | USA | 3 | 1925–1952, 1954–1967 (38 år) | 12 | 75 millionar[9] | |
TLC | USA | 3 → 2 | Sidan 1991 | 5 | 70 millionar[10] | |
Destiny's Child | USA | 4 → 3 | 1997–2006 (9 år) | R&B | 5 | 60 millionar[11] |
Pussycat Dolls | USA | 6 → 5 | 2003–2010 (7 år) |
|
2 | 54 millionar[12] |
AKB48 | Japan | Rotasjonsbasert | Sidan 2005 | J-pop | 8 | 51 millionar[13] |
Bananarama | Storbritannia | 3 → 2 → 3 | Sidan 1979 | Pop | 10 | 40 millionar[14][15] |
The Pointer Sisters | USA | 2 → 3 → 4 → 3 → 4 | Sidan 1969 |
|
16 | 40 millionar[16] |
Little Mix | Storbritannia | 4 | Sidan 2011 |
|
4 | 39 millionar[17] |
t.A.T.u. | Russland | 2 | 2000–2014 (14 år) | Pop | 3 | 25 millionar[18] |
The Supremes | USA | 3 | 1959–1977 (18 år) | Pop | 29 | 20+ millionar[19][20] |
Merknad:
- Det nøyaktige salstalet til The Supremes er ukjend. Estimata varierer frå 20 millionar til opp mot 100 millionar plater.[21]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Girl group» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2018.
- ↑ Rutledge, Meredith E. (15. april 2013). «The Fabulous Girl Groups | The Rock and Roll Hall of Fame and Museum». Rockhall.com. Arkivert frå originalen 29. juni 2016. Henta 21. februar 2018.
- ↑ «Girl Groups - A Short History». History-of-rock.com. Henta 21. februar 2018.
- ↑ Claudia Mitchell, Jacqueline Reid-Walsh (1 January 2008). Girl Culture: An Encyclopedia. Greenwood Press. ISBN 9780313339080. Henta 21. februar 2018.
- ↑ «Girl Groups». Girl Groups. Arkivert frå originalen 7. januar 2017. Henta 21. februar 2018.
- ↑ Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singles 1955-2002. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research, Inc. s. 950, 959, 964, 967, 969, 970, 983, 984, 988–990. ISBN 0-89820-155-1.
- ↑ Global Transformations: Politics, Economics and Culture - Google Books. Henta 21. februar 2018 – via Google Books.
- ↑ «Spice Girl Emma Bunton hints at possible reunion». Sky News. 16. april 2017. Henta 24. september 2017.
- ↑ «My Life as a Spice Girl: Geri "Ginger Spice" Halliwell (Now Horner) Looks Back at the Beginnings of a Pop Culture Phenomenon». Marie Claire. 12. juli 2016. Henta 17. februar 2017.
- ↑ Lachno, James (31. januar 2013). «Patty Andrews, last surviving member of singing trio the Andrews Sisters, dies aged 94». Daily Telegraph. Henta 28. juni 2017.
- ↑ «Ex-TLC Manager Proceeds With $40 Million Biopic Lawsuit». Voice Online. 10. september 2016. Henta 8. februar 2017.
- ↑ Waxman, Olivia B. (11. januar 2013). «Beyoncé and Destiny's Child to Release Original Track for First Time in Eight Years». Time. Henta 18. juni 2013.
- ↑ Morey, Tejas. «Most Popular Girl Bands Of All Time». MENSXP. Henta 28. august 2014.
- ↑ «AKB48、音楽CD総売上5100万枚超え 女性歌手1位/歴代3位に浮上». Oricon (på japansk). 5. september 2017. Henta 6. september2017.
- ↑ «Return of the top Bananas». Daily Mail. 2. august 2007. Arkivert frå originalen 9. juli 2013. Henta 8. oktober 2011.
- ↑ Savage, Mark (29. april 2017). «'Did you enjoy being pregnant?' - Bananarama revisit old Smash Hits questions». BBC. Henta 24. september 2017.
- ↑ Mansfield, Ken; Terrill, Marshall (2015). Rock and a Heart Place: A Rock 'n' Roller-coaster Ride from Rebellion to Sweet Salvation. ISBN 978-1-4245-4999-3.
- ↑ [1]
- ↑ inreview.com, an archive reported from the original from The Sun. «Tatu Are Back - As Man-Eaters». InReview.com. Henta 26. januar 2013.
- ↑ Robinson, Louie (February 1970). «Why Diana Ross Left the Supremes». Ebony.
- ↑ Easlea, Daryl (2008). The Story of the Supremes. V&A Publishing. s. 7. ISBN 978-1-85177-552-1.
- ↑ «The Supremes celebrate 50th anniversary». Euronews. 17. juni 2014. Arkivert frå originalen 21. juni 2014. Henta 24. september 2017.