Jeremy
mannsnamn
Jeremy er ei engelsk form av det bibelske namnet Jeremia, som betyr utnemnd av Gud. Ein fransk variant er Jérémy.
Namnet er ikkje mykje bruka i Noreg. I 1900 var det ein norsk mann som heitte Jeremy, han budde i Finnmark.[1] I 2008 var det 82 menn som hadde Jeremy til første fornamn.[2]
Kjende personar med namnet
endre- Jeremy Bentham (1748–1832), engelsk filosof og jurist
- Jeremy Bulloch (f. 1945) britisk skodespelar
- Jeremy Irons (f. 1948), britisk skodespelar
- Jeremy Clarkson (f. 1960), engelsk programleiar, kjend frå Top Gear.
- Jeremy Northam (f. 1961) britisk skodespelar
- Jeremy Piven (f. 1965), amerikansk skodespelar og komikar
- Jeremy Ratchford (f. 1965), kanadisk skodespelar
- Jeremy Hunt (f. 1974), britisk syklist
- Jeremy Wotherspoon (f. 1976), kanadisk skøyteløpar
- Jérémy Toulalan, (f. 1983), fransk fotballspelar
- Jérémy Roy (f. 1983), fransk syklist
- Jeremy Wariner (f. 1984), amerikansk friidrettsutøvar
- Jeremy Sumpter (f. 1989), amerikansk skodespelar