Opna hovudmenyen

Koordinatar: 59°54′39.629″N 10°45′0.0936″E

Jernbanetorget sett frå Biskop Gunnerus' gate, i midten Fred Olsens gate med trikkeskjener. Det høge tårnet er Trafikanten, bak ligg Jernbanetorget nummer 2, det tidlegare hovudkontoret til Den norske Amerikalinje. Nærast på høgre side Lundhgarden i nummer 4.
Foto: Kjetil Ree (2009)

Jernbanetorget er ein plass i sentrum av Oslo som ligg foran Sentralstasjonen og bygningen til den tidlegare Austbanestasjonen, som no er teke i bruk til anna føremål. Torget, som har nedgangar til Jernbanetorget T-banestasjon, er eit trafikknutepunkt for jarnbane, T-bane, trikk og buss. Namnet på torget vart vedteke i 1852.[1]

Austbanestasjonen ligg med fasaden mot plassen kor Karl Johans gate startar på den andre sida av Fred Olsens gate, som skil plassen i to på langsida. Strandgata og Fred Olsens gate kommer inn parallelt frå sør og møtast foran Jernbanetorget nummer 2, før sistnemnde gate fortset og kryssar Biskop Gunnerus' gate, som avgrensar plassen mot nord.

Da Christiania blei grunnlagd i 1624 låg området der Jernbanetorget ligg under vatn og blei først fylt opp og bygd ut etter 1739.[1]Plassen har gått gjennom store endringar både då jarnbanen opna og då Austbanestasjonen blei bygd fram mot 1854, og då T-banen kom på 1960-talet. På byrjinga av 2000-talet vart heile torget lagt om for å verte eit høvleg knutepunkt for kollektivtrafikk, med høve til grei omstiging mellom trikk, buss, T-bane og jarnbanetog. Alle trikkeliner mellom aust og vest i byen har no haldeplassar på Jarnbanetorget, merkte med bokstavar for å gjere det lettare å finne fram til rett haldeplass.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Oslo byleksikon, side 282

BakgrunnsstoffEndra