Opna hovudmenyen

Jerry Marotta

amerikansk musikkprodusent og komponist

Jerome David «Jerry» Marotta (fødd 6. februar 1956) er ein trommeslagar frå USA. Han er bror til Rick Marotta, som òg er trommeslagar og låtskrivar.

Jerry Marotta
Jerry Marotta, drummer.jpg
Fødd6. februar 1956 (63 år)
FødestadCleveland
FødenamnJerome David Marotta
OpphavUSA
Aktiv1973 til i dag
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarArthur, Hurley & Gottlieb, Orleans, Peter Gabriel, Hall & Oates, Indigo Girls, Stackridge, Sevendys, Tony Levin
Verka somTrommeslagar

Marotta var medlem av banda Arthur, Hurley & Gottlieb (1973–75) Orleans (1975–82), bandet til Peter Gabriel(1977–86), Hall & Oates (1979–81), Indigo Girls (1991–99), Stackridge (2011), Sevendys (2010 til i dag) og The Tony Levin Band (1995 til i dag).[1]

Marotta har òg spelt trommer på songen «Whole Lotta Trouble» av Stevie Nicks og Michael Campbell i 1989 på albumet The Other Side of the Mirror. Han har òg spelt med Ani DeFranco, Sarah McLachlan, Marshall Crenshaw, The Dream Academy, Suzanne Vega, Carlene Carter, Tears for Fears, Elvis Costello, Cher, Carly Simon, Lawrence Gowan, Ron Sexsmith og mange andre.

I tillegg har han arbeidd som songar, låtskrivar og plateprodusent. I 1996 produserte han Ellis Paul sitt A Carnival of Voices.[2]

KjelderEndra

  1. NNDB Website Retrieved mars 10, 2007.
  2. FAME (Folk & Music Exchange) Website Retrieved mars 10, 2007.

BakgrunnsstoffEndra