Jarlsø

Øy i Tønsberg kommune
(Omdirigert frå Jersøy)

Jarlsø[1] (også kalla Jersø eller Jersøy) er ei øy på om lag 200 mål utanfor Husvik i Tønsberg kommune i Vestfold.

Jarlsø
øy
Jarlsø er til venstre på biletet, medan øya til høgre er Husøy.
Foto: Peter Fiskerstrand
Land  Noreg
Kart
Jarlsø
59°14′40″N 10°28′30″E / 59.24444444°N 10.475°E / 59.24444444; 10.475

Historie

endre

Øya har som ankerplass for båtar og skip i Oslofjorden ved innløpet til Tønsberg by, ei rik historie. Øya er nemnd alt i Snorre si Ynglingesaga i samband med at vestfoldkongen Øystein Halvdanson døydde rundt år 770. ho låg da under Sem kongsgard, seinare Jarlsberg hovudgard. Der drukna i 1483 riksråda Jon Smør og Einar Fluga. Jersøy vart gjestgjevarstad frå 1664, og det vart seinare drive steinbrot på øya. I 1915 starta Jarlsø Verft, seinare Jarlsø Fabrikker, si omfattande verksemd. Øya vart samstundes overført frå Nøtterøy til Sem kommune. Øya vart etter kvart nesten heilt fylt med industri, men all produksjon er i dag nedlagd.

I dag

endre

Det er fleire planar for bruk av den tidlegare industriøya til bustader og næringsverksemd. Øya er regulert for inntil 400 bustader og lett næring. Utbygginga startar opp i 2008. Den søndre delen av øya, med skog, fyrlykt og rester etter tyske stillingar frå den andre verdskrigen vil stå urørt som område for landbruk, natur og fritid.

Kjelder

endre
  1. «Jarlsø». Kartverket / Faktaark. Henta 29. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre