Jerusalem guvernement

Jerusalem guvernement (arabisk محافظة القدس}} Muḥāfaẓat al-Quds; hebraisk נפת אל קודס Nafat al-Quds) er ein av 16 guvernement i Palestina og ligg sentralt på Vestbreidda. Guvernementet har to underdistrikt: Jerusalem J1, som omfattar stadar i den israelske Jerusalem kommune (Aust-Jerusalem), og Jerusalem J2, som omfattar resten av Jerusalem guvernement.[1] Distriktshovudstaden i guvernementet er Jerusalem (al-Quds).

Jerusalem guvernement
guvernement
Land  Dei palestinske territoria
Region Vestbreidda
Distriktshovudstad Jerusalem
Koordinatar 31°48′N 35°18′E / 31.8°N 35.3°E / 31.8; 35.3
Areal 331,6 km²
Folketal 429 500  (2005)
Kart
Jerusalem guvernement
31°48′N 35°18′E / 31.8°N 35.3°E / 31.8; 35.3
Wikimedia Commons: Jerusalem Governorate

Det samla arealet til guvernementet er 331,6 km2. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde guvernementet eit folketal på 429 500 innbyggjarar i 2005, som utgjer kring 10,5 % av palestinarar i Dei palestinske territoria.[2]

Inndeling endre

Jerusalem guvernement er delt inn underdistrikta «Jerusalem J1» og «Jerusalem J2». Jerusalem J1 består av delar av Vestbreidda som vart annektert av Israel i 1980 og inkludert i den israelske kommunen Jerusalem. Jerusalem J1 vert òg som regel kalla Aust-Jerusalem. Jerusalem J2 består av dei områda av guvernementet som ikkje er med i J1.[1]

Inndeling etter underdistrikt endre

Jerusalem J1: Al’ Isawiya, Al - Quds (Gamlebyen), Ash - Shayyah, As-Sawahira Al-Gharbiya, As Suwwana, At -Tur, Ath – Thuri, Bab Al-Sahira, Beit Hanina, Beit Safafa, Jabal Al – Mukabbir, Kufr A’qab, Ras Al-Amud, Sharafat, Sheikh Jarrah, Shu’fat, Shu’fat Refugees Camp, Silwan, Sur Bahir, Um Tuba, Wadi Al - Joz

Jerusalem J2: Abu Dis, Al-Eizariya, Al-Jib, Al-Judeira, Al-Qubeiba, Al-Ram, Al-Sawahreh al-Sharqiyeh, 'Anata, An-Nabi Samu’eil, Ash-Sheikh Sa’d, Az Za’eem, Beit Anan, Beit Hanina al-Balad, Beit Ijza, Beit Iksa, Beit Surik, Biddu, Beit Duqqu, Bir Nabala, Dahiat Al-Bareed, Hizma, Jaba’, Khirbet Um Al- Lahem, Mikhmas, Qalandya, Qalandya Refugee Camp, Qatanna, Rafat, the beduin community Al-Khan Al-Ahmar, den beduinske busetnaden Jaba’, andre beduinske landsbyar.

 
Kommunegrensa i Aust-Jerusalem med stader i Jerusalem J1 i lysegrønt.

Inndeling etter type endre

Byar endre

Kommunar endre

Landsbykommunar endre

Bydelar i Aust-Jerusalem endre

Politikk endre

 
Utvida Jerusalem med israelske kommunegrenser frå det annekterte området, 1967.

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Jerusalem delt. Vest-Jerusalem kom under israelsk styre og Aust-Jerusalem, inkludert Gamlebyen, som vart styrt av Jordan fram til 1967. I seksdagarskrigen i 1967 okkuperte Israel Vestbreidda og annekterte Aust-Jerusalem de facto.[3] Aust-Jerusalem, og andre område av Vestbreidda og Vest-Jerusalem, vart innlemma i ein kommune. I følgje ein avtale mellom PLO og Israel, kunne palestinske innbyggjarar i Aust-Jerusalem delta i val i Den palestinske sjølvstyresmakta om dei ønskte dette, i tillegg til val for Knesset, det israelske parlamentet.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Israeli settlements in Palestine—Annual Statistical Report 2012, Concepts and Definitions, s. [22]-[23]. Palestinsk statistisk sentralbyrå, August 2013
  2. Jerusalem Bulletin English.pdf (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 27. september 2007, henta 18. september 2015 
  3. Aust-Jerusalem - B'Tselem