Jiří Parma (fødd 9. januar 1963) er ein tsjekkisk tidlegare skihoppar som representerte både Tsjekkoslovakia og sidan Tsjekkia. Han vart verdsmeister i normalbakken i ski-VM 1987. Parma vann 1984-85 tre renn i verdscupen i skihopping og fire medaljar i lagtevlingar under verdsmeisterskap og vinter-OL.

Jiří Parma
Statsborgarskap Tsjekkia, Tsjekkoslovakia
Fødd 9. januar 1963 (61 år)
Frenštát pod Radhoštěm
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1988, Skihopping under Vinter-OL 1992 – Laghopp

Aktiv endre

Parma debuterte i verdscupen i skihopping 30. desember 1980. I skiflygings-VM 1983 i Harrachov kom han på sjetteplassen. Midt i desember 1983 kom han på tredjeplass i eit storbakkerenn i verdscupen i Lake Placid. Fire veker seinare, 14. januar 1984, vann han i Harrachov sitt første verdscuprenn. Han deltok i begge renna under vinter-OL 1984 i Sarajevo, med ein tiandeplass i normalbakken som best. Straks etter dei olympiske leikane var han med på det tsjekkoslovakiske laget som kom på bronseplass i lagtevlinga i ski-VM i Engelberg. I mars 1984 tok han sin andre siger i verdscupen då han vann hopprennet i den Svenska skidspelen i Falun. Nokså nøyaktig eitt år seinare tok han i Örnsköldsvik sin tredje og siste siger i verdscupen.

Parma vann gullmedaljen i normalbakkerennet under VM 1987 i Oberstdorf. Med 224,4 poeng vann han ein klar siger, nesten åtte poeng føre Matti Nykänen med Vegard Opaas på bronseplassen. I storbakkenrennet vart Parma nummer ni. Parmas beste sesong var likevel 1988-sesongen, endå om han ikkje vann eit einaste renn. Han kom då på fjerdeplass samanlagt i verdscupen. I den tysk-austerrikske hoppveka vart han samanlagt nummer tre. Under vinter-OL 1988 i Calgary vart han nummer fem i normalbakken. Ein ny femteplass vart det i den neste olympiaden, 1992 i Albertville.

Parma vann fleire medaljar med nasjonale hopplag i dei internasjonale meiserskapstevlingane. Han var med på Tsjekkoslovakias bronselag i ski-VM 1989 i Lahti, og under vinter-OL 1992 i Albertville. Dessutan var han på sølvlaget i ski-VM 1993 i Falun. Under verdsmeisterskapen i Falun kom han på 6. og 8. plass i dei to individuelle renna, best var han i storbakken.

Parma vann tre renn i verdscupen og stod 17 gongar på pallen etter verdscuprenn. Han la opp som skihoppar i 1996.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre