Opna hovudmenyen

James "Jim" Broadbent (fødd 24. mai 1949) er ein prisløna engelsk skodespelar. Broadbent er kjend frå både teater og fjernsynsproduksjonar og er ein populær skodespelar i nyare filmar, særleg etter tusenårsskiftet.

Jim Broadbent
JimBroadbent07TIFF cropped.jpg
Fødd 24. mai 1949
Lincoln i England
Yrke fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, stemmeskodespelar, teaterskodespelar
Jim Broadbent på Commons

Innhaldsliste

KarriereEndra

Jim Broadbent voks opp i Lincolnshire, nordvest i England. Ei tvillingsyster av han døydde under fødselen. Begge foreldra hans var amatørskodespelarar; faren vart kjend for å gjera ei tidlegare metodistkyrkje om til eit teater som han oppkalla etter seg sjølv. I oppveksten gjekk han på ein kvekar-skule i Reading i Berkshire, før han tok til å studera ved London Academy of Music and Dramatic Art. Han vart uteksaminert herifrå i 1972, spelte ein del i teater før han filmdebuterte i 1978. Han har vore gift med Anastasia Lewis sidan 1987.

Jim Broadbents talent vart særleg oppdaga etter at han tok til å samarbeida med regissøren Mike Leigh i 1990. Dette samarbeidet resulterte m.a. i filmane Life Is Sweet (1990), Topsy-Turvy (1999) og Another Year (2010). [1] Han har også gjort flotte skodespelarprestasjonar i Bridget Jones-filmane, Moulin Rouge! (2001) og i rolla som professor Snilehorn i Harry Potter-filmane. I filmen Iris (2001) spela han den engelske skribenten John Bayley, ektemannen til hovudpersonen Iris som lir av Alzheimers sjukdom. For denne prestasjonen vann han Oscar-prisen for beste mannlege birolle i 2001. Seinare har han portrettert ektemannen til Margaret Thatcher i Jernkvinnen (2011), som også leid av Alzheimer på sine gamle år. Dette er ein sjukdom som Broadbent kjenner godt, sidan hans eiga mor døydde av Alzheimer i 1995. [2]

Prisar og utmerkingarEndra

Utvald rollelisteEndra

KjelderEndra