Jimmy Maelen (d. 1988) var ein amerikansk perkusjonist frå 1960- til 1980-talet. Han arbeidde med artistar som Roxy Music, Bryan Ferry, Peter Gabriel, James Taylor, Dire Straits, Barry Manilow, Alice Cooper, Kiss, Madonna, Bryan Adams, Michael Jackson, Mick Jagger, David Bowie og John Lennon. Han har òg spelt på hittar av Bob James, Duran Duran, Carly Simon, Barbra Streisand, Yoko Ono, Meatloaf, Alice Cooper, BJ Thomas og mange fleire. Seint i 1970-åra og tidleg i 1980-åra var han som regel førstevalet som perkusjonist i New York City. Særleg i gullalderen til discoen var han suksessfull og arbeidde med remix-teamet Michael Barbiero og John Luongo og la perkusjon på danseversjonar på mange discoklassikarar.

Jimmy Maelen
Fødd1940
Død1988
Verka somperkusjonist

Maelen spelte på det kritikarroste albumet til Roxy Music, Avalon og på Dire Straits sitt Brothers in Arms, og spelte med begge på Live Aid i London.

Jimmy Maelen døydde i 1988 av leukemi.

KjelderEndra