Jo-Bu Senior var den fyrste norskproduserte motorsaga. Ho vart produsert av Jo-Bu Mekaniske Verksted AS i Drøbak. Saga kom på marknaden i 1948[1] og vart produsert til 1955. I 1948 var tomannssager enda vanlege og i byrjinga vart saga kalla «Einmannssaga Jo-Bu». Jo-Bu Senior hadde ein masse på 17,5 kg, som var lite i høve til dei fleste andre sager på denne tida, men alt for mykje til at saga kunne nyttast til kvisting. Ho vart difor berre nytta til felling og kapping.

Jo-Bu Senior
Informasjon
Produsent Jo-Bu Mekaniske Verksted AS
Konstruktør Gunnar Busk
Introdusert 1948
Utfasa 1955
Produsert 7300
Spesifikasjonar
Motor Aspin
Slagvolum 125 cm³
Turtal 4000 o/min
Effekt 2.9/4 kW/hk
Forgassartype flottør
Kopling manuell
Kjedehastigheit 4,4 m/s
Masse 17,5 kg
Sverdlengd 45 cm
Trinse ja

I 1948 hadde dei fleste motorsagene breie sverd, som hadde lett for å setta seg fast om stammen klemte. For å hindra dette hadde nokre sager smale bogesverd, men bogen gjorde at det kunne vera vanskelegare å koma til om trea stod tett, eller om det låg stein og røter attmed stammen. Jobu Senior hadde smalt sverd, med trinse i enden, noko som reduserte problemet med klemming. Nokre motorsager med bogesverd vart importerte og prøvd ut i Noreg, men etter at Jobu Senior kom på marknaden forsvann interessa for bogesverdsagene[2]. Ein annan føremon med smalt sverd er at det vert muleg å nytta kile ved felling.

Motoren var ein Aspin totaktsmotor med eit slagvolum på 125 cm³, som med eit turtal på 4000 o/min hadde ein effekt på rundt 4 hk. Saga var utstyrt med flottørforgassar som måtte roterast 90° når saga vart nytta for felling[1].

Jo-Bu produserte sjølv kjeda, som gjekk utanpå sverdet. Kjeda hadde ein fart på berre 4,4 m/s, men saktegåande kjede var vanleg på denne tida. Det var manuell smøring av kjeda.

I 1952 kom den mykje lettare Jo-Bu Junior på marknaden, så både Senior og Junior var i produksjon samstundes frå 1952 til 1955. Det vart produsert rundt 7300 Jo-Bu Senior.

Galleri endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Larsen, Ø.R. (red.), Jo-Bu: Skogen og folket, Follo museum, 2013.
  2. Samset, I., Fra muskler til maskiner i skogen, Norsk skogmuseum, 2008.