Opna hovudmenyen

Jo Nesbø

norsk musikar og forfattar

Jo Nesbø (fødd 29. mars 1960) er ein norsk musikar og forfattar.

Jo Nesbø
Jo Nesbø1.jpg
Fødd 29. mars 1960
Oslo
Yrke romanforfattar, skribent, journalist, barnebokforfattar, fotballspelar, songar, musikar, manusforfattar
Språk norsk
Sjanger detektiv-krim
Jo Nesbø på Commons
Jo Nesbø i 2007.

Jo Nesbø er fødd i Oslo, men voks opp i Molde. Han er utdanna siviløkonom og finansanalytikar frå Norges Handelshøyskole, og har arbeidd både som meklar og journalist i tillegg til å vera vokalist og songskrivar i rockegruppa Di Derre.

Nesbø var med då Molde Fotballklubb vann junior-NM i fotball i 1978. Han hadde og nokre kampar på A-laget til Molde for skade gjorde at han måtte slutte som fotballspelar.

I 1997 debuterte Nesbø som forfattar med boka Flaggermusmannen. Inspirert av ungdomsåra i Molde, der han gjekk på «Gymnaset», skreiv Nesbø manus og musikk til musikalen 90-metersbakken, som vart sett opp i Molde og turnerte i Møre og Romsdal fylke i 2004. Stykket vart òg sett opp ved Trøndelag Teater.

PlaterEndra

  • Den derre – Di Derre (1993)
  • Jenter & sånn – Di Derre (1994) Opphavleg utgjeven som Kvinner & Klær - 11 sanger om kvinner og èn om jakka mi
  • Gym – Di Derre (1996)
  • Slå meg på – Di Derre (1998)
  • Karusellmusikk – solo (2001)
  • di beste med di derre – Di Derre (2006)

BøkerEndra

  • Flaggermusmannenkriminalroman (1997)
  • Kakerlakkene – kriminalroman (1998)
  • Stemmer fra Balkan/Atten dager i mai (med Espen Søbye) – dokumentar (1999)
  • Rødstrupe – kriminalroman (2000)
  • Karusellmusikknoveller (2001)
  • Sorgenfri – kriminalroman (2002)
  • Marekors – kriminalroman (2003)
  • Frelseren – kriminalroman (2005)
  • Snømannen – kriminalroman (2007)
  • Hodejegerne – kriminalroman (2008)
  • Panserhjerte – kriminalroman (2009)
  • Gjenferd - Kriminalroman (2011)
  • Politi - Kriminalroman (2013)

Prisar og utmerkingarEndra