Joachim B. Olsen

dansk politikar

Joachim Brøchner Olsen (fødd 31. mai 1977) er ein dansk politikar og tidlegare idrettsutøvar, fødd i Aalborg. Han representerte partiet Liberal Alliance i Folketinget frå 2011 til 2019. I si tid som friidrettsutøvar vann han i kulestøyt OL-sølv i 2004, EM-sølv og -bronse i 2002 og 2006.

Joachim B. Olsen

Fødd31. mai 1977 (46 år)
Aalborg
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiLiberal Alliance (2010; 2020)
Yrkepolitikar, friidrettsutøvar
Utdanna vedUniversity of Idaho
EktefelleKaren Westergaard
Alle verv
  • folketingsmedlem (2011–)
  • folketingsmedlem Sjå dette på Wikidata

Friidrett endre

OL-sesongen 2000 støytte Olsen over 20 meter fyrste gongen, lengste nådde han 12. august i Aalborg der han sette dansk rekord med 20,88 meter. To sesongar seinare forbetra han den danske rekorden til 21,57 m i Baton Rouge i USA, noko som plasserte han på femteplass på verdsstatistikken 2002 i kulestøyt. Ved europameisterskapen same sesongen i München vann han sølvmedaljen med eit støyt på 21,16 m. Også i 2004-sesongen var Olsen femte beste kulestøytaren i verda, då med 21,46 m, og han vann sølvmedaljen i øvinga under dei olympiske leikane i Aten. Sommaren 2006 sikra han seg bronsen ved Friidretts-EM i Göteborg med 21,09 m som best. Den 13. juni 2007 i København sette Olsen dansk rekord i kulestøyt med 21,61 meter, berre to mann i verda hadde lengre støyt å vise til i 2007. I VM i Osaka var storforma borte og han gjorde ein svak finale.

Olsen sanka godt med medaljar i dei internasjonale innandørs-meisterskapane, stemne med vekslande deltaking. Såleis vann han i innandørs-EM gull i 2005, sølv i 2002 og bronse i 2007, medan han i innandørs-VM fekk bronse både i 2004 og 2006. Også hans livs lengste kulestøyt kom innandørs, den 25. februar 2004 i Tallinn landa kula på 21,63 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Politikk endre

Ved Folketingsvalet 2011 vart Olsen vald inn i Folketinget for partiet Liberal Alliance. Han var partiet sin talsmann i nærings- og arbeidsmarknadsspørsmål. I den rolla markerte han seg i debatten om den såkalla Carina-effekten. Debatten handla om det danske systemet for sosialhjelp, der han gav uttrykk for at trygdemottakarar levde rimeleg godt og mangla interesse for å søke jobb. Utsegner som «Hvis der er mennesker i Danmark der ikke har råd til at holde jul så er det selvforskyldt!», vekte debatt, men var likevel med på å opne opp debatten om kåra og vilkåra for økonomisk vanskelegstilte i det danske samfunnet. Olsen vart attvald til Folketinget i 2015, men vart ikkje attvald i 2019.

Kjelder endre