Joakim Sveder Bang

norsk kirurg og politikar

Joakim Ludvig Sveder Rentler Bang (15. desember 18682. februar 1931) var ein norsk kirurg og politikar, fødd i Årstad i Hordaland. Han vart landskjend for sin humanitære innsats gjennom Raudekrossen under den fyrste balkankrigen og den fyrste verdskrigen. Frå 1920 til-27 var han stortingsrepresentant frå Trondheim og Levanger, vald for Frisinna Venstre i samarbeid med Høgre.

Joakim Sveder Bang

Fødd15. desember 1868
Årstad kommune
Død2. februar 1931
Trondheim
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar, kirurg, offiser
Alma materUniversitetet i Oslo
BarnAnne Margrethe Strømsheim
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Far til Bang var ingeniør og verkstadeigar i Årstad. Sjølv gjekk han middelskolen ved Bergens katedralskole og deretter reallinja ved Bertrand Gundersens privatskole i Kristiania.

Etter medisinsk embetseksamen ved Det Kongelige Fredriks Universitet vikarierte Bang i 1894 og -95 som distriktslege i Selbu og Tydal. Han var så 1895-97 kommunelege i Hobøl og Tomter. Frå 1897 var han privatpraktiserande kirurg i Trondheim. Her engasjerte han seg i å forbetre dei hygieniske tilhøva for folk, særleg som krinsformann i Norges Badeforbund. Han var også i aktiv idrett, og var formann i både Trondhjems Skiklub og Trondhjems Seilforening.

Ved sida av legeyrket i Trondhjem var Bang vernepliktig sanitetsoffiser i Hæren. Han var regimentslege for 3. nordenfjeldske dragonregiment frå 1911 og vart sjef for 5. sanitetskompani i 1916. Under Balkankrigen 1912-13 leidde Bang ei norsk Raudekross-avdeling i Serbia, beståande av to assistentlegar og ti sjukepleiersker. Under fyrste verdskrigen fekk Bang stipend for å studere militærmedisin og feltsjukehus ved vestfronten. I 1917 var Bang i Russland som representant for Raudekrossen, der han overvaka utvekslinga av såra russiske og tyske krigsfangar. Han tok også ut skadde tyske og austerrikske krigsfangar til plassering i Noreg.

Bang var 1914-25 medlem i Trondheim bystyre, og sat i skulestyret frå 1909 til 1922. Valperioden 1919-21 var Bang vararepresentant på Stortinget for Odd S. Klingenberg frå einmannskrinsen Brattøra og Ila. Bang møtte fast då Klingenberg var statsråd frå 1920 til -21, og sat då i Protokollkomitéen. Både ved stortingsvalet 1921 og 1924 vart Bang vald inn på Stortinget på ei fellesliste for Høgre og Frisinna Venstre. På Tinget var han nestformann i Næringskomitéen. Perioden 1928-30 var han vararepresentant frå same krinsen, og møtte i korte tidsrom.

I 1927 tok Bang avskjed frå militæret og vart distriktslege i Strinda og fylkeslege i Sør-Trøndelag. Han døydde av lungekreft i 1931, 62 år gammal.

Kjelder endre