Johan-Sebastian Christiansen

Johan-Sebastian Christiansen (fødd 10. juni 1998) er ein norsk sjakkspelar, Stormeister i sjakk (GM).

Johan-Sebastian Christiansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. juni 1998 (25 år)
Idrett sjakk

Internasjonal meister i sjakk endre

Johan-Sebastian Christiansen vart IM etter sterke resultat i tre internasjonale turneringar. I Quatar Masters Open i november-desember 2014 tok han fire poeng på ni rundar mot svært sterk motstand. I Reykjavik Open i mars 2015 tok han 6,5 poeng på ti rundar, eit halvt poeng over IM-kravet. I Visma Chess Tournament i Växjö i Sverige i juni 2015 tok han seks poeng på ni rundar. Han hadde dermed oppfylt kravet om IM-resultat i turneringar med til saman minst 27 parti. Rating-kravet, kravet til eigen rating over 2400 hadde han oppfylt allereie pr. 1. mai 2015. Han vart deretter utnemnd til IM av Verdssjakkforbundet på FIDE-kongressen i Abu Dhabi 1.-9. september 2015.

Stormeister i sjakk endre

Johan-Sebastian Christiansen klarte sitt første napp i stormeister-tittelen då han spelte på 4. bord for det norske landslaget under EM for lag på Kreta, 28.10.-6.11.2017, med seks poeng på ni rundar.[1] Han tok deretter nye napp i turneringar i Pardubice i Tsjekkia 20.-28. juli 2018, og i Gøteborg 11-17. august 2018, i begge tilfelle med 6,5 poeng på ni rundar.[2] Rating-kravet på 2500 hadde han oppfylt allereie 1. juni 2018 med 2504. Han blei deretter utnemnd til Noregs 15. stormeister i sjakk på FIDE-kongressen i Batumi, Georgia 26.9-8.10.2018.[3]

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre