Ernst Sars
Johan Ernst Welhaven Sars (11. oktober 1835–27. januar 1917) var ein norsk historikar og politikar frå Florø. I 1870 fekk han universitetsstipendiat, og i 1874 vart han professor ved Det kongelige Frederiks Universitet i Kristiania.
Ernst Sars | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. oktober 1835 Florø |
Død |
27. januar 1917 (81 år) |
Yrke | historikar, politikar, professor |
Språk | norsk, dansk |
Politisk parti | Venstre |
Far | Michael Sars |
Mor | Maren Sars |
Ernst Sars på Commons |
Det mest kjende verket hans er Udsigt over den norske historie, som kom i fire band mellom 1873 og 1891. Bøkene fekk ein viktig posisjon då nasjonalstaten Noreg skulle etablerast. Sars trekte fram dei lange linene i ei samanhengjande norsk historie frå vikingtida til på 1800-talet.
Eit anna viktig verk var Norges politiske historie 1814-1885, som kom ut i åra mellom 1899 og 1904.
Sars var ein av sjefsideologane i partiet Venstre i den nasjonale reisingstida før unionsoppløysinga i 1905, og hadde omgang med ånsdhøvdingar som Bjørnstjerne Bjørnson og A.O. Vinje. Kvar søndag samla han og mora politikarar og intellektuelle til diskusjonsmøte heime hos seg i Bærum. Sjølv tok han ikkje imot framståande verv i rikspolitikken.
Familie
endreForeldra til Ernst Sars var Michael Sars og Maren Cathrine Welhaven Sars. Mora var syster av diktaren Johan Sebastian Welhaven. Under prestetida i Florø fekk ekteparet Sars sønene Ernst og Georg Ossian Sars. Dei hadde 18 andre sysken, men havforskaren G. O. Sars og historikaren Ernst Sars er dei mest kjende av syskena.
Ved 100-årsjubileet til Florø by i 1960 vart det avduka ein dobbelbyste av Ernst og broren Georg Ossian Sars. Den står i parken ved Flora Samfunnshus.
Bibliografi
endreBøker
endre- 1858 – Norge under Foreningen med Danmark : [1537-1814]. 1 (Kristiania) I fulltekst ved nb.no
- 1873 – Udsigt over den norske historie. 1 (Christiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no
- 1874 – Norske Rigs-Registranter : tildeels i Uddrag. B. 5 : 1619-1627 (Christiania: [s.n.]) I fulltekst ved nb.no [Av: Johan Ernst Sars, Otto Gr. Lundh]
- 1877 – Udsigt over den norske historie. 2 (Christiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no
- 1882 – Historisk Indledning til Grundloven (Kristiania: Folkeskriftselskabet) I fulltekst ved nb.no
- 1883 – Vort embedsparti : en tidsbetragtning (Kristiania: Folkeskriftselskabet) I fulltekst ved nb.no
- 1885 – Foredrag ved universitetets Holbergfest den 3die december 1884 (Kristiania) I fulltekst ved nb.no
- 1886 – Norges Venstreforenings Resolution angaaende de diplomatiske Sagers Behandling : en Redegjörelse (Kristiania: Foreningen) I fulltekst ved nb.no
- 1887 – Historisk indledning til grundloven (Høvik: Bibliothek for de tusen) I fulltekst ved nb.no
- 1887 – Udsigt over den norske historie. 3 (Christiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no
- 1891 – Udsigt over den norske historie. 4 (Christiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no
- 1897 – Jonas Anton Hielms Unionspolitik : Foredrag holdt i Den private liberale Klub 29. April 1897 (Kristiania: [s.n.]) I fulltekst ved nb.no
- 1899 – Unionsopløsning og nationalt Kongedømme (Kristiania) I fulltekst ved nb.no
- 1901 – Hanseaternes handelsherredømme og den store mandedød ; Aristokrati og kongedømme hos de skandinaviske folk og navnlig hos nordmændene (Kristiania) I fulltekst ved nb.no
- 1904 – Norges politiske historie : 1815-1885 (Kristiania: Oscar Andersens bogtrykkeri) I fulltekst ved nb.no
- 1905 – Historiske Afhandlinger tilegnet Professor Dr. J.E. Sars paa hans syttiende Fødselsdag den ellevte Oktober 1905 (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1909 – Tidsrummet 1885-1905 (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1911 – Samlede værker. 1 1-2 : Mit barndomshjem ; Udsigt over den norske historie (Kristiania: Gyldendalske Boghandel) I fulltekst ved nb.no
- 1912 – Samlede værker. 2 3-4 : Udsigt over den norske historie (Kristiania: Gyldendalske Boghandel) I fulltekst ved nb.no
- 1912 – Samlede værker. 3 : Historiske og politiske afhandlinger (Kristiania: Gyldendalske Boghandel) I fulltekst ved nb.no
- 1912 – Samlede værker. 4 : Portrætter og essays (Kristiania: Gyldendalske Boghandel) I fulltekst ved nb.no
- 1913 – Udsigt over den norske Historie. B. 1 : Første og anden Del (Kristiania: Gyldendalske Boghandel) I fulltekst ved nb.no
- 1913 – Udsigt over den norske Historie. B. 2 : Tredje og fjerde Del (Kristiania: Gyldendalske Boghandel) I fulltekst ved nb.no
- 1957 – Brev 1850-1915 (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no [Johan Ernst Sars, Halvdan Koht]