Opna hovudmenyen

Johan Halvorsen Evju (25. april 184610. april 1927) var ein gardbrukar, bankmann og stortingsmann frå Ytre Sandsvær i Buskerud. Han var medlem av partiet Venstre.

Johan H. Evju
Fødd25. april 1846
Død10. april 1927
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Evju var son til ein gardbrukar. Sjølv var han kasserar i den lokale sparebanken frå 1863 til 1885. Skuleåret 1870-71 gjekk han Sagatun Folkehøyskole. Han tok så over farsgarden Evju, som ligg i bygda Efteløt, i 1872.

Evju var medlem av heradsstyret i Sandsvær og seinare Ytre Sandsvær i 25 år, i ni år var han varaordførar. Han var 4. representant frå Buskeruds amt til Stortinget i perioden 1898-1900. På tinget var han medlem av landbrukskomiteen.

KjelderEndra