Johan Kvandal

norsk komponist

Johan Kvandal (8. september 191916. februar 1999)[1] var ein norsk komponist.

Johan Kvandal
Fødd8. september 1919
FødestadChristiania
Død16. februar 1999 (79 år)
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Sjangeropera, symfoni
Instrumentorgel
Verka somkomponist
FarDavid Monrad Johansen

Johan Kvandal var son av komponisten David Monrad Johansen. Han tok organist- og dirigentutdanning ved Musikkonservatoriet i Oslo. I tillegg studerte han komposisjon og teori med Per Steenberg, Arild Sandvold og Geirr Tveitt. Han studerte sidan komposisjon hos Joseph Marx i Wien og Nadia Boulanger i Paris.

I dei tidlege verka til Kvandal, som Fem små Klaverstykker, Op. 1 og Syv Sanger, Op. 4, kan ein tydeleg sjå at han vore påverka av dei nasjonale strøymingane på 1920-30-talet. Han var òg opptatt av å kombinere norsk folkmusikk og klassiske former, noko "Sonatine for Piano" Op. 2 og "Norsk Overture" Op. 7 ber tydeleg preg av. Paris-opphaldet (1952–54) fekk avgjerande følgjer for det vidare arbeidet hans. Gjennom studie med Nadia Boulanger og tilgang på det rike musikkmiljøet i byen, vart han godt kjend med verka til komponistar som Bartôk, Stravinskij og Messiaen. Dette medførte ein langt større kompositorisk fridom, som etter kvart utvikla seg til ein stil han sjølv karakteriserte som "moderne tonalitet".

Musikkproduksjonen til Kvandal omfattar komposisjonar for mange slag ensemble, frå soloinstrument til stort orkester. Sentralt står operaen "Mysterier" basert på Hamsuns roman med same namn. Blant orkesterverka er "Antagonia" Op. 38 (1973) for to strykeorkestre og slagverk, "Konsert for Fiolin og Orkester", Op. 52 (1979), og "Michelangelo Poem" Op. 49 (1977) rekna til dei viktigaste verka hans. Det siste store verket han komponerte var klaverkonsert, Op. 85, som han skreiv for pianisten Håvard Gimse, som har spelt han inn på CD saman med David Monrad Johansens klaverkonsert i Ess-dur.

Kvandal var aktiv både som komponist, organist og musikk-kritikar.

Utgjevingar endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre