Johan P. Bye

norsk brannmann og politikar

Johan Peter Bye (25. mars 180825. september 1863) var ein norsk stortingsmann, koparslagar og brannsjef i Trondheim, fødd i Orkdal.

Johan P. Bye
Johan Peter Bye (1808-1863).JPG
Fødd 25. mars 1808
Orkdal
Død

25. september 1863
Trondheim

Yrke politikar, kobberslager, måler, veier og vraker

Bye slo seg ned i Trondheim som koparslagar. Han var i si tid medlem i formannskapet i Trondheim og forlikskommissær. I 1842 var han med å skipe handverkarforeininga i byen, og fekk sidan jobben som brannsjef i kommunen. Frå 1856 arbeidde han også som kontrollmålar og vrakar.

Bye møtte på Stortinget 1848 som andre varamann frå valkrinsen Trondhjem og Levanger. Han møtte i staden for avdøde Christian Sommerschild, då fyrste varamann melde forfall. Sidan var Bye vald tingmann frå same valkrinsen både i 1851, 1859-60 og 1862-63. På Stortinget var han i 1848 medlem i Næringskomite nr 2, 1851 medlem i Budsjettkomiteen og Adressekomiteen, 1859-60 i Budsjettkomiteen og 1862-63 i Militærkomiteen og av Lagtinget. Frå 1851 var han representantskapsmedlem i Noregs Bank.

KjelderEndra