Johann Joseph Fux

austerriksk komponist

Johann Joseph Fux (fødd kring 1660 i Hirtenfeld ved Graz, død 13. februar 1741 i Wien) var ein austerriksk komponist og musikkteoretikar.

Johann Joseph Fux

Johann Joseph Fux
Føddkring 1660
FødestadHirtenfeld ved Graz i Austerrike
Død13. februar 1741 (81 år)
DødsstadWien
OpphavAusterrike, Tyskland
PeriodeBarokken
SjangerKormusikk, kammermusikk, orkestermusikk, opera
Verka somKomponist, musikar og musikkteoretikar
Johann Joseph Fux

Fux var bondeson og ein kjenner lite til det tidlege livet hans, bortsett frå at han rundt 1680 studerte ved universitetet i Graz og mellom 1683 og 1687 i Ingolstadt. I 1696 vart han utnemnd til organist ved Schottenstift i Wien og denne posten heldt han til 1702 da keisarhoffet vart merksam på han og utnemnde han til hoffkomponist. Frå 1701 vart han kapellmeister ved Stephansdom i Wien og i 1711 musikkdirektør ved hoffet, ein av dei viktigaste embeta i det europeiske musikklivet. Som musikkdirektør skreiv han mange operaer og oratorium.

Den mest kjende operaen hans, Costanza e Fortezza, vart oppført i Praha i høve kroninga av keisar Karl VI til konge av Böhmen.

Fux underviste òg komposisjon og av elevane hans var Georg Christoph Wagenseil, Gottlieb Muffat og Jan Dismas Zelenka.

Verk endre

Det viktigaste verket til Fux var læreboka i komposisjon Gradus ad Parnassum (1725). Boka var skrive på latin og vart i 1742 omsett til tysk av Lorenz Christoph Mizler, ein av elevane Bach. Boka tente som lærebok i kontrapunkt fram til 1900-talet.

Fux komponerte 18 operaer, 50 messer, tre rekviem, 57 vesperar og salmar, 10 oratorium og 29 partitaer.

I motsetnad til Gradus ad Parnassum gjekk musikken hans fort i gløymeboka.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre