Opna hovudmenyen

Johann Wolfgang von Goethe

(Omdirigert frå Johann Wolfgang Goethe)

Johann Wolfgang von Goethe (28. august 174922. mars 1832) var ein tysk forfattar, politikar, humanist og vitskapsmann. Han var ein ragande figur under romantikken og innan tysk litteratur som skreiv dikt, romanar, skodespel og filosofiske verk. Han er særleg kjend for verk som Die Leiden des jungen Werthers, Wilhelm Meisters Lehrjahre og Faust.

Johann Wolfgang von Goethe
Goethe (Stieler 1828).jpg
Fødd 28. august 1749
Frankfurt am Main
Død

22. mars 1832
Weimar

Yrke diktarjurist, teatersjef, botanikar, politikar, kunstmålar, filosof, teolog, jurist, kunstkritikar, musikkritikar, bibliotekar, lyrikar, reiseforfattar, fysikar, litterat, romanforfattar, skodespelforfattar, sjølvbiograf, diplomat, statsmann, polyhistor, aforismeforfatter, dagbokskrivar, mineralog, zoolog, art theorist, advokat, komponist, librettist
Språk tysk
Far Johann Caspar Goethe
Mor Catharina Elisabeth Goethe
Ektefelle Christiane von Goethe
Born August von Goethe
Johann Wolfgang von Goethe på Commons

Goethe var ein leiande figur i tysk litteratur seint på 1700-talet og ved byrjinga av 1800-talet. Han høyrde til Weimar-klassisismen, ein retning som hadde band til opplysingstida, Empfindsamkeit ('Sentimentalitet'), «Sturm und Drang» og romantikken. Verka hans blei spreidde i heile Europa og var ein viktig inspirasjonskjelde for musikk, litteratur og filosofi. Goethe påverka tyske filosofar som Hegel og Schelling, men også den britiske vitskapsmannen Charles Darwin.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Johann Wolfgang von Goethe