Johann Zoffany

Johann Zoffany, også Zoffani eller Johannes Josephus Zauffelij (13. mars 173311. november 1810) var ein tysk-britisk målar. Han var den fyrste målaren som portretterte ein engelsk/britisk kongefamilie i ein avslappa atmosfære.

Johann Zoffany
Portrait of the artist, follower of Johann Zoffany.jpg
Fødd 13. mars 1733
Frankfurt am Main
Død

11. november 1810 (77 år)
London, Strand-on-the-Green

Yrke kunstmålar, grafiker, gravør, bygningstegner
Johann Zoffany på Commons
Sjølvportrett, 1761
Charles Towneley i sitt skulpturgalleri, 1782

Liv og gjerningEndra

Johann Joseph Zoffany var fødd i Frankfurt am Main. Far hans var byggmeister hos adelsslekta Thurn und Taxis, busett i Frankfurt. Då han var 15 år gammal fekk far hans arbeid hos fyrsten i Regensburg. Han flytta då med far sin til Regensburg; der arbeidde han i verkstaden til målaren Martin Speer. År 1750 fór han til Italia der han var elev hos Agostino Masucci i Roma.

Hausten 1760 reiste Zoffany til London. Der kom han etter ei tid i kontakt med den berømte skodespelaren David Garrick, ein kar som sikra han fleire oppdrag. I hovudsak måla han då bilete frå teaterlivet. Garrick presenterte Zoffany for den dåverande kongen, Georg III, som gav Zoffany i oppdrag å måle den kongelege familien. Zoffany laga då eit bilete forma som eit konversasjonsmåleri, ein bilettype som skildra eliten i samfunnet i selskapleg omgang. Kongen likte måleriet og syrgde same året, 1769, for at Zoffany vart medlem av det nyskipa Royal Academy of Arts.

På 1770-talet, etter at kongen hadde trekt tilbake eit oppdrag der Zoffany også tok med borgarlege figurar i biletet, reiste han til Italia. Størstedelen av tida der budde han i Firenze. Året 1783 la han ut på reise til India. Han budde to år i Lucknow og opplevde stor suksess dei neste åra. I 1789 reiste han tilbake til London som ein rik mann, og døydde der i 1810.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra