Johannes Brahms (7. mai 18333. april 1897) var ein tysk romantisk komponist, pianist og dirigent. Musikken til Brahms vert rekna å tilhøyre den klassisistiske retninga innanfor den romantiske musikken - «klassisk i forma, romantisk i innhald». Han vert halden for å vere ein av dei aller fremste tonediktarane i den vestlege, klassiske tradisjonen.

Johannes Brahms

Fødd7. mai 1833
FødestadHamburg
Død3. april 1897 (63 år)
DødsstadWien
AliasG.W. Marks
OpphavHamburg
Aktiv1843–1897
Instrumentpiano, cello, valthorn
Verka somkomponist, dirigent, pianist
MorJohanna Henrica Christian jester
FarJohann Jakob Brahms
PrisarPour le Mérite für Wissenschaften und Künste, Bayerischer Maximiliansorden für Wissenschaft und Kunst, Royal Philharmonic Societys gullmedalje, honorary doctor of the University of Wrocław, æresdoktor ved universitetet i Cambridge, æresborger av Hamburg, Leopoldsordenen (Østerrike), Østerrikes æreskors for vitenskap og kunst

Liv endre

Barne- og ungdomsår endre

Johannes Brahms blei fødd den 7. mai 1833 i ein fattig familie i Hamburg. Faren Johann Jakob Brahms var ein middelmåls multi-instrumentalist. Brahms byrja øve i musikk då han var fire år gammal, og i åtteårsalderen skjøna ein at han kunne verte ein framifrå pianist. Då han var 12 år, bestemte far hans at han skulle vere vere pianist på bordell i Hamburg, for å auke familieinnkoma. På dagtid studerte guten musikk.

Brahms var heile livet utan illusjonar om korkje seg sjølv, menneska rundt seg eller eigen musikk. Då han var 14 måtte han slutte med bordelljobbane, då den stressande livsstilen gjekk ut over helsa hans. Han byrja i staden å gje pianotimar. Familielivet i Brahms-heimen var prega av at foreldra jamt var i krangel, dessutan var ei syster sjuk mykje av tida.

 
Eduard Rimenyi og Johannes Brahms, 1852/53.
 
Johannes Brahms i 1853.

Etter 1848-revolusjonane i Europa kom ein straum med flyktningar til Hamburg. Mange av flyktningane frå Ungarn tok med seg sin eigen folkemusikk, ein urbanisert versjon av sigøynarane sine folkedansar. Ein av flyktningane var den jødiske fiolinisten Eduard Rimenyi. Brahms og Rimenyi vart venner, og då dei var 20 år gamle bestemte dei seg for å reise på turne saman, i håp om å skaffe seg kontaktar i det tyske musikklivet.

På denne reisa fekk Brahms i Hannover sjansen til å spele for kong Georg V av Hannover. Kongen gav han glitrande kritikkar, men dei to musikantane blei kasta på dør då det vart kjent at Rimenyi hadde vore ungarsk revolusjonær. Turneplanane braut då saman. Den kjende fiolinisten Joseph Joachim, som Brahms hadde treft tidlegare i Leipzig, var ven med Robert og Clara Schumann, og overtala Brahms til å reise til Düsseldorf for å treffe dei. Robert Schumann vart overvelda av musikken til Brahms, og skreiv ein artikkel om Brahms der han hylla han som ein «Messias» for tysk musikk. Brahms blei verande i Schumann-heimen i over eit halvt år.

Brahms og ekteparet Schumann endre

I februar 1854 blei Robert Schumann innlagd på ein mentalinstitusjon. Brahms reiste då attende til Düsseldorf for å hjelpa Clara, som var gravid, og hadde fleire born å ta vare på ved sida av konsertane sine. Planen var at han skulle bli til barnet var fødd, og Robert blei frisk. Med små avbrot vart han verande i to år, til Robert døydde.

Dei neste åra var prega av mykje reising for Brahms. Han blei sjeldan på ein plass særleg lenge. I 1859 oppheldt han seg ein periode til i Hamburg, som musikalsk leiar for eit større damekor. Her blei han kjend med den rike vokalmusikken frå renessansen og barokken. Det er i denne perioden at Brahms byrja å produsere dei mogne verka sine. Blant dei viktigaste av desse er Variasjonar og fuge over eit tema av Händel.

I 1862 reiste han til Wien, for å slå seg ned i byen der storparten av dei musikalske heltane hans hadde budd. To år seinare reiste han attende til Hamburg, då faren Johann Jakob forlet familien, og lét Johannes Brahms forsørgja mora og den sjuke systera si.

Mor hans døydde i 1865 og Brahms reiste attende til Hamburg. Ved det høvet skreiv Brahms Ein Deutches Requiem (Eit tysk rekviem). Verket har ikkje noka direkte knyting til den katolske messa for dei daude, men tekstar frå den lutherske bibelen og dei apokryfe skriftene var sett saman slik Brahms meinte det passa. Det er det lengste verket Brahms nokon gong skreiv, og det som krev flest musikarar.

Den vaksne Brahms endre

På 1860-talet mogna Brahms ordentleg som komponist. Han hadde base i Wien og tente mest som turnerande pianist, eit yrke han i typisk stil påstod han hata, men eigentleg var særs nøgd med. I 1868 kom eit av dei store gjennombrota i karrieren hans, då Ein Deutches Requiem blei sett opp i katedralen i Bremen. Det er sagt at folk gret då dei høyrde det, og denne førestillinga skulle leggja grunnlaget for Brahms sitt ry. I 1872 fekk Brahms stillinga som musikalsk leiar for «Sameininga for musikkvenar» i Wien, ein av dei mest prestisjetunge musikk-postane i keisarbyen. Denne stillinga hadde han i tre år. Trass i at han hadde tilgang på eit av dei største og beste orkestera ein kunne oppdriva, skreiv Brahms enno for det meste småskalaverk.

Blant dei mest profilerte verka han skreiv i denne perioden finn ein 50 lieder eller songar, for vokal og piano. Best kjend av desse er opus 49, ein voggesong som er betre kjend enn dei andre komposisjonane hans. Andre viktige verk er Variasjonar på eit tema av Haydn, og dei fyrste strykekvartettane han gav ut, opus 51. Strykekvartettane til Brahms var ein viktig grunn til at genren blei gjenoppliva, og at komponistar som Arnold Schönberg, Alban Berg og Bela Bartok på 1900-talet tok orkestermusikken i ei ny retning.

Fyrst i 1881, etter å ha arbeidd med den fyrste symfonien sin i 20 år, torde Brahm å få han framført. Mottakinga var avstemt. Seinare har verket vorte ein del av det symfoniske standardrepertoaret, og vorte kreditert for å ha starta ein ny symfonisk gullalder. Symfonien blei av mange kalla «Beethoven sin tiande», både som kompliment og fornærming. Den neste symfonien tok berre eitt år å skrive. Dei komande åra laga Brahms ei rekkje meisterverk, til dømes fiolinkonserten i D (opus 77), to rapsodiar for piano (opus 79) og pianokonsert nr. 2 (opus 83). Ved den tid var Brahms ein vidgjeten og rik mann, og kunne, trass i sin personlegdom, vere særs hjelpsam mot dei han meinte hadde gjort seg fortent til det. Til dømes gav han både finansierings- og publikasjonshjelp til den då ukjende komponisten Antonín Dvořák. Dei to var vener resten av livet. Brahms gav ut to symfoniar til, nr. 3 i 1883, og nr. 4 i 1885.

 
Brahms framstilt av Willy von Beckerath i 1896.

Etter at Clara Schumann døydde av slag i 1896 skreiv Brahms sitt opus 121; Fire alvorlege songar, før han la frå seg pennen for godt. Kort tid etter viste det seg at han hadde leverkreft. Den 3. april 1897 døydde han i Wien, 63 år gamal.

Musikksyn og -stil endre

Som komponist var Brahms konservativ. Dei historiske tyske komponistane: Händel, Bach, Haydn, Mozart, Beethoven og Schubert var førebileta hans. Vidare hadde Robert og Clara Schumann stor innverknad på musikken han skreiv, samt fiolinisten Eduard Rimenyi, som gjorde Brahms kjend med sigøynarane sin folkemusikk.

Brahms komponerte seint og under sterk sjølvkritikk. Han tvilte ofte på om musikken han skreiv, tolde å verte samanlikna med verka til dei gamle meistrane. Musikken til Brahms er ofte, som han sjølv, ambivalent. Mange av dei beste verka hans har ein dyster grunntone, men sjølv dei mest alvorsame stykka får liv av den lyriske varmen i temaet og den sansen Brahms hadde for musikalsk drama.

Verk endre

  • Klaverkonsert nr. 1 i d-moll opus 15 (1859),
  • Ein deutsches Requiem opus 45 (1869)   Høyr
  • Symfoni nr 1 i c-moll opus 69 (1877),
  • Symfoni nr. 2 i D-dur opus 73 (1877),
  • Fiolinkonsert opus 77 (1879),
  • Akademisk festouverture opus 80 (1880),
  • Tragisk ouverture opus 81 (1881),
  • Klaverkonsert nr. 2 i B-dur opus 83 (1881),
  • Symfoni nr 3 i F-dur opus 90 (1883),
  • Symfoni nr 4 i e-moll opus 98 (1885),
  • 2 serenadar, Dobbeltkoncerten i a-mol opus 102 (1887),
  • Klarinetkvintett i h-moll opus 115 (1891),
  • Tre intermezzoar opus 117 (1892),
  • Variasjonar over eit tema av Haydn «St. Antoni-koralen» opus 35,
  • Variasjonar over eit tema av Robert Schumann opus 23,
  • Variasjonar og fuge over eit tema av Händel opus 24,
  • 21 ungarske dansar
  • 3 klaversonater: Händelvariasjonar og Paganinivariasjonar, Rinaldo, Schicksalslied, Altrapsodi, Die schöne Magelone, Vier ernste Gesänge, Liebeslieder opus 52 ( 1862) m.m.

Det mest kjende verket til Brahms er voggevisa op. 49 nr. 4, eit verk nesten alle har høyrt utan å vite kven som har skrive det.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Johannes Brahms
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Johannes Brahms