Opna hovudmenyen

Johannes Chrysostomos (f. 347 i Antiokia, død 14. september 407) var ein gresk kyrkjefader som blei utropt til helgen med minnedag 13. september. Han var vidkjend for retorikk- og preikeevnene sine. Namnet Chrysostomos, som er gresk for 'gullmunn', viser til denne evna.

Johannes Chrysostomos
Johnchrysostom.jpg
Fødd 349
Antiokia
Død

14. september 407
Comana Pontica

Yrke teolog, prest, skribent
Johannes Chrysostomos på Commons

Johannes verka først i Antiokia i Syria, men blei i 398 patriark i Konstantinopel. Der gjorde han seg til uvenn med mellom anna keisarinna Eudoxia gjennom å gå til åtak på det moralske forfallet generelt, ved hoffet hennar spesielt. Mannen med gullmunnen blei snart skulda for kjetteri for orda sine, og landsforvist av keisar Arkadios. Grunna folkeleg støtte fekk han snart koma tilbake, men blei seinare landsforvist på nytt. Denne gongen døydde han under den harde reisa til det utpeika eksilet sitt ved Svartehavet.

BakgrunnsstoffEndra

 

Originaltekst av Johannes Chrysostomos ved Wikisource.

 

Originaltekst av Johannes Chrysostomos ved Wikisource (el).