Opna hovudmenyen

Johannes Pedersen Aga (8. desember 176724. desember 1838) var ein framståande tidleg stortingsmann, forutan gardbrukar, lensmann og forlikskommisær frå Aga i Ullensvang. Aga har namnet sitt frå ein gamal gard i Ullensvang herad i Hordaland som har vore busett sidan steinalderen. Det gamle klyngetunet på Aga har vorte teke vare på, og er i dag eit friluftsmuseum som vert kalla Agatunet.

Johannes Pedersen Aga
Fødd 8. desember 1767
Ullensvang
Død

24. desember 1838
Ullensvang

Yrke politikar

Aga vart vald til Stortinget i 1818 og 1824, og var med i deputasjonen til kroninga av kong Karl Johan i Stockholm. I 1822 fekk han medaljen for borgardåd. Han var kjend for den vide krinsen han hadde av kjenningar og for eit sterkt, men sindig engasjement. Aga var svært respektert både i politiske kretsar og lokalt. Spesielle hjartesaker var folkeopplysing og betring av landbruksteknikkar.

I 1792 planta Johannes Aga de to fyrste gravensteinsaplane i Hardanger, som seinare vart opphav til fleire tusen nye tre. Trea vart handla inn frå Hamburg og kjøpmann Bøschen i Bergen. Aga si satsing på eple vert rekna som starten på moderne fruktdyrking i området. Aga fekk òg tak i artar heilt frå Frankrike.

"Den sidste af de 2 Gravenstensapler, som far i 1792 plantede inde i Nyegaren, blæste ned i en Storm i November, efter at den også i Høst havde baaret Frugt. Disse 2 Gravenstensapler var de første som kom til Norge, ialfald til Bergens Stift, og blev av Far gjennom en Kjøbmand Bøschen i Bergen anskaffede fra Hamburg. Disse Trær og deres mange tusinde Afkom haver skaffet Bygderne vakre Indtægter." Son til Aga, Johannes Johannesson Aga i 1890.

Aga var far til Johannes Johannesen Aga og Lars Johannesen Aga.[1]

KjelderEndra

  1. Lindstøl, Tallak (1914). «Johannes Johannesen Aga, Johannes Pedersen Aga og Lars Johannesen Aga». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. Biografier A-K. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri. s. 22.