Johannes Regiomontanus

Johannes Müller von Königsberg (6. juni 14366. juli 1476), i dag mest kjend som Johannes Regiomontanus er ein tysk astronom og matematikar frå Königsberg. Han heitte Müller, men tok namnet Regiomontanus, ei latinisering av Königsberg. Han oppretta eit observatorium i Nürnberg i 1471 med utmerkte instrument, mekanisk verkstad og boktrykkeri. Han gav ut fleire viktige trigonometriske arbeid og utførte nøyaktige astronomiske observasjonar og utrekningar. I 1472 vart han av pave Sixtus IV kalla til Italia for å hjelpe til i arbeidet med ein kalenderreform.

Johannes Regiomontanus

Regiomontanus
FøddJohannes Müller von Königsberg
6. juni 1436(1436-06-06)
Unfinden, Det tysk-romerske riket, no ein del av Königsberg i Tyskland
Død6. juli 1476 (40 år)
Roma
NasjonalitetTyske
OmrådeMatematikk, astronomi, astrologi
Yrkeastronom, matematikar, matematikkhistorikar, astrolog, katolsk biskop, trykker
InstitusjonarUniversitetet i Wien
Alma materUniversitetet i Leipzig
Universitetet i Wien
DoktorgradsrettleiarGeorg von Peuerbach
Johannes Bessarion
Kjende studentarDomenico Novara da Ferrara

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Johannes Regiomontanus