Johannes Selsvik (10. januar 18541935) var ein norsk båtbyggjar. Han vart fødd i Jondal i Hardanger. Han lærde det grunnleggande innan båtbygging i oppveksten. Etter å gått i skipsbygginslære på Grams Skibsbyggeri i Laksevåg frå 1874, bygde han det første fartøyet i 1877. Det var kutteren «Vidar» på 73 fot. Dette er eit fartøy som framleis er i bruk.[1]

Johannes Selsvik
Fødd 10. januar 1854
Jondal
Død

14. september 1935
Trondheim

Yrke konstruktør

Frå 1880 til 1896 var han skipsbyggmeister ved Bodø skipsverft. Han etablerte nytt båtbyggeri i Trondheim i 1897. Der vart det bygd garnbåtar, skyssbåtar og seglbåtar. I 1899 bygde han den første kravellbygde fiskeskøyta. Og frå 1900 vart det bygd kravellbygde fiskefartøy for segl og motor. For at det skulle byggast betre og sterkare fiskefartøy som var berekna på motordrift oppretta staten ei vandrelærarstilling i kavellbygging. Johannes Selsvik gjekk inn i denne stillinga, og fungerte som vandrelærar frå 1902 til 1909. Han heldt kurs frå Talvik og Hammerfest i nord til Strandebarm og Jondal i Hardanger. Frå 1910 til 1914 dreiv han på ny båtbyggeri i Trondheim. Det vart ingen suksess. Mellom anna var det slutt med bestillingar av fiskefartøy frå Nord-Noreg. Han hadde lært båtbyggarane der kravellbygging. Frå 1916 til han døydde i 1935 arbeidde han ved Skipskontrollen i Trondheim.

Johannes Selsvik fekk Kongens Fortenestemedalje i gull i 1923.

Bøker av Johannes SelsvikEndra

  • Indberetning fra stipendiat til Chicagoutstillingen. A.F.Knudsens bogtrykkeri Bodø. 1894
  • Beskrivelse over materialdimentionerbygningsmaade af 21.br.tons havfiskebaad. N.Nilssen & ssøns bogtrykkeri. Bergen 1903
  • Bygningsregler for havfiskebaade Egen utgiver 1906

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Torstein Arisholm med fleire:Kravellbygging i Norge. 2008