Johannes Thingnes Bø

(Omdirigert frå Johannes T. Bø)

Johannes Thingnes Bø (fødd 16. mai 1993) er ein norsk skiskyttar frå Markane i Stryn som vann verdscupen i skiskyting 2019. Åra 2015-19 sikra han seg sju gullmedaljar i verdsmeisterskapane, attåt han vart olympisk meister på 20 km under Vinter-OL 2018. I tillegg vann han desse sesongane fem VM-sølv, to OL-sølv og to VM-bronsar. Han er ein yngre bror til Tarjei Bø og medlem i Markane Idrettslag.

Johannes Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bø i Oberhof 2023.

Foto: Sandro Halank

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. mai 1993 (30 år)
Stryn kommune
Idrett skiskyting, langrenn
Tok del i

VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Normaldistanse menn

Utmerkingar

Karolineprisen

Aktiv endre

Johannes T. Bø markerte seg allereie tidleg som eit stor idrettstalent. I 2011 vart han dobbel junior-noregsmeister i skiskyting og attpåtil norsk juniormeister i 15 km langrenn. Sesongen etter vann han to individuelle gullmedaljar og stafettgull under junior-VM i skiskyting i finske Kontiolax. I sin siste juniorsesong var han nær ved å kopiere alle desse prestasjonane, men måtte nøye seg med sølv på sprinten, i tillegg til gullmedaljane i jakstart og på stafetten.

Bø fekk sitt definitive internasjonale gjennombrot som skiskyttar då han midt i desember 2013 vann både sprint-tevlinga og den etterfylgjande jaktstarten under verdscuprenna i Annecy-Le Grand Bornand. Under Vinter-OL 2014 deltok han for Noreg i 4 x 7,5 km stafett, eit lag som kom på fjerdeplass, hans beste individuelle plassering i leikane kom på den avsluttande fellesstarten der han vart nummer åtte. På tampen av sesongen, i tida 13.-16. mars, gjekk han til topps i samtlege tre verdscuprenn i Kontiolahti. Då sesongen var over etter tevlingar i Holmenkollen, stod han att med tredjeplassen i verdscupen i skiskyting for 2014-sesongen, få poeng bakom landsmannen Emil Hegle Svendsen.

Kjelder endre