John Barry

britisk komponist

John Barry Prendergast (3. november 193330. januar 2011) var ein filmmusikkomponist frå York i England. Han er særleg kjend for å ha komponert filmmusikk til elleve James Bond-filmar. I løpet av karrieren har han vunne fem Oscar-prisar for beste originalmusikk, samt fire Grammy Award-prisar. Barry var kjend for omfattande bruk av messingblåsarar i verka sine.

John Barry

Statsborgarskap Storbritannia, USA
Fødd 3. november 1933
York
Død

30. januar 2011 (77 år)
Oyster Bay

Yrke komponist, musikar, låtskrivar, filmmusikkomponist
Språk engelsk
Far Jack Xavier Prendergast
Ektefelle Barbara Pickard, Jane Birkin, Jane Sidey, Laurie Barry
John Barry på Commons
John Barry (t.v.) under ein konsert i Royal Albert Hall, 2006.

Personleg liv

endre

Barry vart utdanna ved St. Peter's School i York og tok komposisjonstimar under organisten Francis Jackson. I vaksen alder budde han mange år i Sambandsstatane, lengst på Long Island i New York. Han var gift til saman 4 gonger, og fekk til saman 4 born. Den fjerde kona vart han gift med i 1976, og dei heldt saman til han døydde. Han døydde av hjarteinfarkt på Long Island i januar 2011.

Filmmusikk av John Barry (utval)

endre

Kjelder

endre