John Clayton (1792–1890)

John Clayton (10. juni 179214. juli 1890) var ein britisk oldkunnig og byfullmektig (town clerk) for Newcastle upon Tyne i England. Han samarbeidde med byggherren Richard Grainger og arkitekten John Dobson om å byggja ut bysentrumet i nyklassisistisk stil (Grainger Town). Clayton Street i Newcastle er kalla opp etter han. Clayton gjorde også mykje for å ta vare på restane av den romerske Hadrianmuren.

John Clayton

Oppdaginga og utgravinga av Coventina-brunnen ved Carrawburgh i 1876 i John Clayton. Akvarell av F. Mossman frå 1878.
Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia
Fødd 10. juni 1792
Død

14. juli 1890 (98 år)

Yrke funksjonær, antikvar
Far Nathaniel Clayton
Mor Dorothy Atkinson
John Clayton (1792–1890) på Commons
Building the Roman Wall av William Bell Scott, ved Wallington Hall; fjeset til centurionen er det til John Clayton.

John Clayton etterfølgde far sin som byfullmektig i 1822. Han arva eigedommen Chesters i Humshaugh frå far sin i 1832. Denne omfatta restane av den romerske festningen Cilurnum, som faren hadde dekt over med jord for å utvikla eit parklandskap. John Clayton engasjerte ei gruppe arbeidarar til å grava ut igjen ruinane av festningen. Han skipa også eit lite museum til å visa fram funna. Clayton engasjerte seg også i utgravingar og ruinvern andre stader, og kjøpte Housesteads Fort, Carrawburgh Mithraic Temple, Magnis i Carvoran og andre historiske stader.

Han bestilte eit museum ved Chesters i 1895 som opna i 1903. Bygningen er utforma av Richard Norman Shaw, og viser nokre av dei romerske funna til John Clayton.[1]

John Clayton er avbilda som ein centurion i eit måleri av William Bell Scott ved Wallington Hall i nærleiken av Morpeth som framstiller bygginga av muren.

Kjelder endre