John Densmore
John Paul Densmore (fødd 1. desember 1944) er ein amerikansk musikar og låtskrivar. Han er mest kjend som trommeslagar i rockebandet The Doors.[1] Etter The Doors har han òg arbeidt som dansar og skodespelar, og dessutan produsert teater, danseforestillingar og film.
John Densmore | |
![]() Densmore i 1971 | |
Fødd | 1. desember 1944 |
---|---|
Fødestad | Los Angeles |
Fødenamn | John Paul Densmore |
Opphav | Maine |
Aktiv | 1965 til i dag |
Sjanger | Psykedelisk rock, acidrock, bluesrock, hardrock, blues, jazz-fusion |
Instrument | Trommer |
Tilknytte artistar | The Doors The Butts Band Riders on the Storm Tribaljazz |
Plateselskap | Elektra |
Verka som | Musikar Trommeslagar Filmmakar |
Gift med | Leslie Neale |
Då The Doors var operative, vart det avtalt at kvar av medlemmane skulle kunne leggje ned veto mot at musikken til gruppa vart brukt i reklamesamanheng. Densmore nyttar seg av denne retten og sørgjer enno for at dette ikkje skjer, blant anna vart eit tilbod frå Cadillac på 15 millionar dollar for å bruke «Break on Through (to the Other Side)» avvist. Han gav ved eit høve løyve til at Pirelli dekk skulle kunne bruke «Riders of the Storm» berre i Storbritannia, men angra etterpå og gav pengane til veldedige føremål.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «John Densmore» frå Wikipedia på engelsk, og «John Densmore» frå Wikipedia på bokmål den 16. mars 2011.
- ↑ Huey, Steve. «Biography: John Densmore». Allmusic. Henta 17. mars 2011.