John Godina (fødd 31. mars 1972) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Fort Still i Oklahoma. Han vart verdsmeister i kulestøyt i 1995, 1997 og 2000, dessutan vann han ein sølvmedalje ved OL 1996 i Atlanta og ein bronsemedalje ved OL 2000 i Sydney. Hans personbeste i kulestøyt er 22,20 meter. Godina var også ein framifrå diskoskastar, nådde 69,91 meter i den øvinga i 1998.

John Godina
Statsborgarskap USA
Fødd 31. mai 1972 (51 år)
Fort Sill
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Sommaren 1995 sette Godina personleg rekord med 22,00 m, før han i august månad vann gullmedaljen i kuletevlinga under friidretts-VM i Göteborg med over ein halvmeters margin til nestemann. Året etter nådde han ikkje lengre enn 20,79 m med kula då Sommar-OL 1996 fann stad i Atlanta, men lukkast likevel å vinne sølvmedaljen, høvesvis fire og fem centimeter framom Oleksandr Bahatsj og Paolo Dal Saglio.

Under verdsmeisterskap i Aten i 1997 forsvarte Godina VM-titelen i kulestøyt og han vart femtemann i diskoskasting, mindre enn ein meter frå bronseplassen. Ved dei olympiske leikane 2000 i Sydney støytte han 21,20 m i femte omgang, noko som gav han bronsemedaljen, ein cm bak landsmannen Adam Nelson på sølvplass og ni cm bak gullvinnar Arsi Harju frå Finland. Godina deltok også i diskos-tevlinga, der han var over meteren unna ein finaleplass.

Ved verdsmeisterskapen i Edmonton i 2001 presterte Godina opp mot sitt aller beste og vann med 21,87 m ein suveren siger og sitt tredje VM-gull. Sidan deltok han både i friidretts-VM 2003 og Sommar-OL 2004, utan å kunne blande seg i medaljestriden. Den 22. mai 2005 støytte han kula det lengste han vann, 22,20 m, i Carson i California.

Godina la opp i 2009.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • VM 1995 i Göteborg:Gullmedalje – 21,47 m, framom Mika Halvari (20,93 m)
  • OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje – 20,79 m, bakom Randy Barnes (21,62 m). Utslått i kvalifiseringa i diskoskast (61,82 m =nr 14)
  • VM 1997 i Aten: Gullmedalje i kulestøyt – 21,44 m, framom Oliver-Sven Buder (21,24 m). Nr 5 i diskokast – 65,40 m
  • VM 1999 i Sevilla: Nr 7 – 20,35 m
  • OL 2000 i Sydney: Bronsemedalje i kulestøyt – 21,20 m. Utslått i kvalifiseringa i diskoskast (61,60 m =nr 17)
  • VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje – 21,87 m, framom Adam Nelson (21,24 m). Utslått i kvalifiseringa i diskoskast (57,19 m =nr 21)
  • VM 2003 i Paris: N r 8 – 19,84 m
  • OL 2004 i Aten: Nr 9 – 20,19 m

Kjelder endre