John Locke

John Locke (29. august 163228. oktober 1704) var ein engelsk lege og tenkjar i opplysingstida, kjend som «far til liberalismen» og grunnleggjaren av den engelske erfaringsfilosofien, empirisme. Locke var den første til å førestilla seg sjølvet som eit reflekterande medvit i ein kropp. Til skilnad frå Descartes sine tidlegare tankar meinte han menneske var fødd utan medfødde idear, men var ei tabula rasa, ei 'blank tavle' som kunne få kunnskap gjennom sansa erfaring. Hans medvitsfilosofi var viktig i å forma den moderne oppfattinga av sjølv og identitet.

John Locke
JohnLocke.png
Fødd29. august 1632
Wrington
Død28. oktober 1704
High Laver
NasjonalitetKongeriket England
Områdefilosofi, sannkjenningsteori, politisk filosofi, medisin
Yrkefilosof, politikar, lege, skribent
InstitusjonarUniversity of Oxford
Anthony Ashley Cooper, 1. jarl av Shaftesbury
Caleb Banks
Alma materChrist Church College
Westminster School
MedlemRoyal Society
Signatur

Ideane til Locke inspirerte mellom anna dei franske opplysingsfilosofane Voltaire and Rousseau og nordamerikanske revolusjonærar som stod bak den amerikanske sjølvstendeerklæringa. Han meinte samfunnskontrakten mellom stat og folket kvilte på eit samtykke, og dersom staten ikkje erkjende dette og verna universelle rettar som liv, fridom og eigedom, hadde folket rett til å gjera opprør.

BakgrunnEndra

Locke var fødd i landsbyen Wrington utanfor Bristol i Somerset i England. Kort tid seinare flytta familien til marknadsbyen Pensford, der han voks opp. Faren, også kalla John Locke, arbeidde som advokat medan mora Agnes Keene var garvardotter. Begge foreldra var puritanarar, og John Locke den eldre hadde vore kaptein i kavaleriet til parlamentshæren under den engelske borgarkrigen.

 
Minnesmerket over Locke ved Christ Church-colleget i Oxford.

I 1647 hjelpte parlamentsmedlemmet Alexander Popham, som hadde vore kommandant for Locke i hæren, unge John Locke til å gå på den prestisjefylte Westminster School i London. Han kom deretter inn på Christ Church ved Universitetet i Oxford, og fatta interesse for samtidige filosofar heller enn dei klassiske studia på universitetet.

Locke fekk ein bachelorgrad i 1656 og mastergrad i 1658. Frå 1659 underviste han i klassiske språk og moralfilosofi ved universitetet. John Locke studerte også medisin, og i 1674 fekk han også bachelor i dette faget. Frå 1667 var han livlege for Lord Ashley, seinare jarlen av Shaftesbury, ved Exeter House i London.[1] Jarlen var grunnleggjar av whigpartiet, og hadde stor innverknad på Locke sine politiske tankar. Mellom 1675 og 1679 reiste Locke i Frankrike, hovudsakleg var han i Paris og Montpellier.[2]

I 1683 måtte både jarlen av Shaftesbury og Locke flykta til Nederland etter at dei vart mistenkte for å ha teke del i Rye House-komplottet om å drepa den engelske kongen og bror hans. Jarlen døydde av sjukdom kort tid detter flukta. Locke vende tilbake etter «Den ærerike revolusjonen» i 1688. Under opphaldet i eksil gjorde han ferdig og gav ut fleire verk: Essay Concerning Human Understanding, Two Treatises of Civil Government og A Letter Concerning Toleration.

 
Byste av Locke ved Temple of British Worthies i Stowe.
Foto: Philip Halling

John Locke vart invitert av venen Lady Masham til hennar og mannen Francis Masham sin herregard ved High Laver i Essex. Her møtte han fleire framståande folk, som John Dryden og Isaac Newton. Under opphaldet var Locke plaga av dårleg helse grunna astma. Han døydde i 1704 og vart gravlagd i High Laver. Locke gifta seg aldri, og hadde ingen barn.[3]

SjølvetEndra

Locke definerte ein person som eit sjølvmedvite fornuftsvesen som oppfattar seg sjølv som eit individ med kontinuerleg eksistens i tid. Samstundes la han vekt på at kroppen også skapar eit menneske.

I hovudverket sitt An Essay Concerning Human Understanding la Locke fram ideen om at mennesket ved fødselen var ei «blank tavle» (tabula rasa), det vil seia at det ikkje har nokre medfødde logiske, moralske eller religiøse førestillingar. I staden får ein desse i løpet av livet gjennom sanseinntrykk og refleksjon. Han meinte sansing gav enkle idear bygde på direkte objekt i den ytre verda, medan idear danna gjennom refleksjon var komplekse og samansette.[2]

Politisk filosofiEndra

Locke var ein av dei sentrale tenkjarane bak klassisk liberalisme som meinte menneske hadde berre negative rettar (rettar som hindrar andre i å bestemma over eins liv). Han tok utgangspunkt i teorien om ein samfunnskontrakt som mellom anna Thomas Hobbes hadde forfekta. Ulikt Hobbes meinte Locke menneske var prega av fornuft og toleranse, medan Hobbes meinte at menneske i utgangspunktet var egoistar.

NaturtilstandenEndra

I Two Treatises of Government forfekta Locke åndsfridom, ytringsfridom og toleranse som sentrale verdiar, som var i kontrast til det eineveldet han levde i. Han la fram ein naturtilstand bygd på fornuft som gjekk ut på at einkvar hadde nokre grunnleggjande rettar.[4] Locke sine tankar gav opphav til den vidkjende formuleringa i den amerikanske sjølvstendeerklæringa om retten til «Life, liberty, and the pursuit of happiness».

Locke sin teori baserer seg på ein naturtilstand. Naturtilstanden er ein tilstand utan ein stat, der alle personar er frie, likeverdige og uavhengige – retten til å styra over seg sjølv; der alle har gjensidig fridom og makt – men alle borgarar er underlagd den naturlege lov. Den naturlege lov er eit sett av moralske reglar og normer som handlar om korleis ein handsamar andre menneske, alle menneske har eit viss sett med naturlege rettar: retten til fridom, liv og eigedom. Inkje menneske er naturleg over- eller underordna i naturtilstanden, og ein kan tvinga andre til å respektera eins rettar.

Alle menneske hadde ei naturleg negativ og positiv plikt. Den negative plikta handla om at ein ikkje skulle krenkja andre sine rettar. Den naturlege positive plikta handla om at ein hadde ei plikt til å hjelpa dei personane som ikkje kunne livnæra seg sjølv.[4]

RettarEndra

Locke meinte at dei grunnleggjande moralske rettane menneske hadde var noko dei hadde uavhengig av spesielle relasjonar eller semjer. Menneske hadde ein spesiell evne til sjølvevaluering, tenking, fornuft, sjølvmedvit og vurdera kva som var rett og gale. Hovudidéen var at ein hadde sine eigne mål og prosjekt i livet, og difor ikkje ressursar for prosjekta til andre utan eins samtykke. Menneske hadde dimed ein spesiell status som sette grenser for korleis andre kunne handsama ein. Dette er det dei naturlege rettane reflekterer. Locke meinte dei grunnleggjande rettane menneske hadde var retten til liv, helse, fridom og eigedom.[4]

Retten til fridom innebar at ein hadde sin fulle rett til å styra over sitt liv utan at andre blanda seg inn. Menneske hadde retten til å leva eins liv, så fremt ein ikkje sette andre i fare, og eventuelt krenkja rettane deira. Ettersom menneske var frie hadde dei rett til privat eigedom av di arbeidet ein sjølv hadde lagt i denne eigedomen.

« Einkvar mann har sin eigedom i hans eigen person. Det er ingen andre som har rett til han utanom han sjølv. Arbeidet hans utført av hans kropp, og arbeidet av hans hender, kan vi seia, er rettmessig hans. »

Two Treatises of Government §27

 
Tittelsida til Two Treatises of Government frå 1690.

Ein eig seg sjølv og bestemmer sjølv bruken av sine kognitive og kroppslege evner, talent, drivkraft og mot. Ein person kan dimed ikkje brukast av andre som middel for prosjekta deira utan samtykket hans. Personen har retten til å tileigna seg og eiga ueigde naturressursar, og bestemma kven som kan bruka eigedelane hans igjennom eit samtykke. Locke meinte likevel at tileigninga av ueigde naturressursar berre var rettmessig dersom det var nok til overs til resten av folket.[5][6] Eksempelvis har alle retten til å nytta seg av eins vasskjelde, ettersom anna ville vore å nekta dei til å livnæra seg sjølv.

SamfunnskontraktenEndra

Naturtilstanden var rett nok ein fri tilstand, likevel var han prega av frykt og konstant fare for å missa dei grunnleggjande rettane. Locke meinte at tolkinga og handhevinga av naturlovene i naturtilstanden var uklar og usikker. Menneska ville difor gå saman for å danna ein stat og underkasta seg eit statsstyre ved å laga ein samfunnskontrakt, jf. §123.[6] Samfunnskontrakten skulle syrgja for at naturlovene vart gjort om til positive lover, det ville seia at staten hadde retten til å gjera menneske sine naturlege moralske rettar om til juridiske lover. Dette innebar at staten, for å overhalda tryggleik og orden, skulle tolka og handheva lovene og staffa dei som braut dei.[7] Samfunnskontrakten og rettmessig maktutøving var basert på tillit.

RettsstatenEndra

Locke forsvara ein minimalstat med eit rettsstatleg konstitusjonelt demokrati med maktfordeling. Ei grunnlov skulle staten ha, og eit statsstyre som var delt i tre: ei lovgjevande-, ei utøvande- og ei dømmande makt. Den lovgjevande makta skulle vera den øvste, ettersom det var her borgarane sitt samtykke var basert på. Maktfordelinga skulle forhindra maktkonsentrasjon og maktmisbruk, ettersom dette kunne vera ein reell fare for å krenkja borgarane sine rettar. Demokratiet hadde ingen rett til å avgrensa dei naturlege rettane til borgarane. Ein rettferdig stat var ein stat med svært avgrensa oppgåver, men med eit sikringsnett til å krevja inn skatt for å hjelpa dei som ikkje kunne livnæra seg sjølv og finansieringa av politi, domstol og forsvar. Ifylgje Locke var oppgåvene til staten å verna borgarane sine naturlege rettar, igjennom å gjera dei grunnleggjande rettane om til juridiske rettar, såleis at ein kunne tvinga andre til å respektera einkvar sine grunnleggjande rettar, og straffa dei som ikke respekterer dei. Ved straffeforfylging skulle legalitetsprinsippet og likskap for lova vera i grunn.

Ein stat var politisk legitim dersom han oppfylte Locke sine tre krav til politisk legitimt styre:

  1. borgarane måtte gjeva sitt samtykke til staten sine lover,
  2. respektera dei naturlege rettane til einkvar,
  3. staten var legitim når han var rettsstatleg.

Når ein stat var legitim, må borgarane respektera han. Dersom staten ikkje kunne verna borgarane sine rettar, vart den moralske plikten til folket oppheva, dernest kunne folket gjera motstand,[4] til dømes ved å avsetja leiaren gjennom maktkupp og utføra ein revolusjon. Folket måtte difor berre respektera staten når han er rettsstatleg.

Staten hadde generelt sett ingen moralsk rett til å tvinga borgarane til å hjelpa andre, ettersom dette vil vera i strid med den naturlege retten til fridom. Staten kunne likevel, på bakgrunn av den positive plikta om å hjelpa dei som ikkje kan livnæra seg sjølv, rettmessig tvinga borgarane til å hjelpa desse som hadde hamna i ein slik situasjon.

Omgrepa folkesuverenitet og rettstryggleik var viktige for Locke, som dei òg var for Hobbes, og som skulle verta viktige for Rousseau og Montesquieu.[8]

ToleranseEndra

På bakgrunn av den naturlege retten til fridom skulle borgarane ha retten til å velja sitt eige livssyn. Ein stat som bestemde kva for ein religion borgarane skulle ha og som straffa dei som ikkje trudde eller hadde eit anna livssyn enn staten sitt meinte Locke var er illegitim bruk av makt.[2]

Locke forsvara ein anti-paternalistisk og anti-moralistisk stat.[4] Det var utillateleg for staten å avgrensa, igjennom å forbyda eller påbyda, borgarane sin fridom for å verna helsa og økonomien deira. Like eins var det rangt å straffa eller kritisera borgarane for deira umoralske utførte handlingar som hadde eller kunne berre skada dei sjølve, og eventuelt friviljug involverte partar. Staten hadde ei gjensidig negativ plikt til borgarane som syrgde for at alle borgarane hadde fråvær av tvang. Den grunnleggjande retten til fridom opna for at det var tillateleg å handla på måtar som var moralsk sett galne, t.d. bruk av narkotika eller prostitusjon.

ReligionsfilosofiEndra

Locke hadde ein deistisk religionsfilosofi. Han meinte mennesket måtte innsjå med fornufta at verda var gudeskapt, og at alle religiøse trusretningar måtte verta godteke om dei kunne verta sameina med fornuftskunnskap. Religiøs toleranse var viktig for Locke, som han formulerte i Letters Concerning Toleration i tida etter dei europeiske religionskrigane. Hovudpunkta for kvifor staten ikkje kunne påleggja nokon ein viss religion var:

  1. at menneske, og særleg staten, ikkje kunne vurdera påstandane om sanning frå ulike religiøse hald;
  2. sjølv om dei kunne, ville ikkje ei påtvinging med vald av den «rette» religionen føra til ekte tru;
  3. påtvungen religiøs eining ville føra til meir sosial uro enn om ein godtok ulike religionar.

VerkEndra

HovudverkEndra

  • (1689) A Letter Concerning Toleration (Et brev om toleranse)
    • (1690) A Second Letter Concerning Toleration
    • (1692) A Third Letter for Toleration
  • (1689) Two Treatises of Government
  • (1690) An Essay Concerning Human Understanding, 4 band
  • (1693) Some Thoughts Concerning Education
  • (1695) The Reasonableness of Christianity, as Delivered in the Scriptures
    • (1695) A Vindication of the Reasonableness of Christianity

Viktige posthume utgjevingarEndra

  • (1660) First Tract of Government
  • (ca.1662) Second Tract of Government
  • (1664) Questions Concerning the Law of Nature
  • (1667) Essay Concerning Toleration
  • (1706) Of the Conduct of the Understanding
  • (1707) A Paraphrase and Notes on the Epistles of St. Paul

KjelderEndra

  1. «John Locke - Association with Shaftesbury | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 12. september 2022 
  2. 2,0 2,1 2,2 Uzgalis, William (2022). Zalta, Edward N.; Nodelman, Uri, red. «John Locke». Metaphysics Research Lab, Stanford University. 
  3. Locke, John | Internet Encyclopedia of Philosophy (på engelsk), henta 12. september 2022 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Eric Mack (2019). «The Essential – John Locke» (PDF). 
  5. Makovi, Michael (2015). «The “Self-Defeating Morality” of the Lockean Proviso» (PDF). 
  6. 6,0 6,1 Locke, John (1698), Two Treatises of Government (på engelsk), John Churchill at the Black Swan, henta 25. november 2022 
  7. Tuckness, Alex (2020). Zalta, Edward N., red. «Locke’s Political Philosophy». Metaphysics Research Lab, Stanford University. 
  8. Tranøy, Knut Erik; Thorsen, Dag Einar; Svendsen, Lars Fredrik Händler (17. februar 2022). «John Locke». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: John Locke
 

Originaltekst av John Locke ved Wikisource.