Opna hovudmenyen

John Charles Lodge (fødd 20. juli 1945) er ein engelsk musikar, mest kjend som bassgitarist, vokalist og låtskrivar i det langvarige rockebandet The Moody Blues. Han har òg arbeidd som plateprodusent. Lodge har samarbeidd med både bandlmedlemmane i Moody Blues, og med andre artistar, og har òg gjeve ut soloarbeid.

John Lodge
JohnLodge.jpg
Lodge i 2007 med Moody Blues
Fødd20. juli 1945 (74 år)
Erdington i Birmingham
England
FødestadBirmingham
FødenamnJohn Charles Lodge
OpphavEngland
Aktiv1965 til i dag
SjangerRock, heavyrock
InstrumentBass, vokal
Kjende instrumentFender Jazz Bass
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarThe Moody Blues, Trapeze
PlateselskapDecca, Threshold
Verka somMusikar
Låtskrivar
Produsent

Lodge kom inn i The Moody Blues i 1966 då den originale bassisten i bandet, Clint Warwick, forlet bandet. Samstundes starta Justin Hayward som ny vokalist og gitarist. Han hadde erstatta Denny Laine. Lodge song på mange av songane til Moody Blues og skreiv mange songar for bandet.

Han samarbeidde òg med Hayward på albumet deira Blue Jays i 1975. I 1970-åra var han plateprodusent for bandet Trapeze.

I 1985 fekk the Moody Blues Ivor Novello-prisen for bidraga sine til musikk.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra