John Tropea

amerikansk musikar

John Tropea (fødd 7. januar 1946) er ein USA-amerikansk gitarist.[1][2][3]

John Tropea
Fødd7. januar 1946 (78 år)
FødestadNew York City i USA
OpphavUSA
Sjangerpop, funk, smooth jazz, souljazz
InstrumentGitar
PlateselskapVideo Arts, DMP
Verka somMusikar

Tropea studerte ved Berklee College of Music[3] i Boston, der han studerte jazzgitar, harmoni, musikalsk komposisjon og arrangement for storband. Her spelte han i fleire lokale jazz- og R&B-band.

Ferdig å studere spelte Tropea med Eumir Deodato. Han flytta til New York City i 1967 og vart ein mykje etterspurt studiomusikar. I 1974 spelte han på Van Morrison sine «Bulbs» og «Cul de Sac» på albumet Veedon Fleece. Tropea gav så ut tre soloalbum på TK Records. Det første albumet hans, Tropea, kom ut i 1975, etterfølgd av Short Trip to Space og To Touch You Again. Tropea spelte med andre musikarar som Warren Bernhardt, Michael Brecker, Randy Brecker, Steve Gadd, Don Grolnick, Anthony Jackson, David Sanborn, David Spinozza, Richard Tee, Dan Schafer, Billy Cobham, Eumir Deodato, Laura Nyro, Harry Chapin, Paul Simon,[3] Eric Clapton og Dr. John.[3]

Diskografi

endre
  • Tropea (Marlin, 1975)
  • Short Trip to Space (Marlin, 1977)
  • To Touch You Again (Marlin, 1979)
  • Live at Mikell's (Video Arts, 1982)[1]
  • NYC Cats Direct (DMP 1986)
  • A Simple Way to Say I Love You (Video Arts, 1997)[1]
  • Something Old, New, Borrowed and Blues (Video Arts, 1999)
  • Standard Influence (Video Arts, 2003)
  • Standard Influence II: Rock Candy (Video Arts, 2005)
  • Tropea 10: The Time Is Right (Video Arts, 2007)[1]
  • Take Me Back to the Ol' School (STP, 2007)[1]
  • Gotcha Rhythm Right Here (STP, 2014)[1][2][3][4]

Gjesteartist

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Lynam, Robin (13. juni 2015). «Guitarist John Tropea and friends keep the jazz-funk flame burning». South China Morning Post. Henta 29. september 2020. [daud lenkje]
  2. 2,0 2,1 Jazz, All About (20. juni 2015). «John Tropea: Gotcha Rhythm Right Here». All About Jazz. Arkivert frå originalen 16. juni 2011. Henta 29. september 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Amendola, Billy. «A Different View - John Tropea». Modern Drummer Magazine. Henta 29. september 2020. 
  4. «John Tropea returns to jazz-funk namesake in ‘Gotcha Rhythm Right Here’». AXS. Henta 29. september 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre