Opna hovudmenyen

John Foley York (fødd 3. august 1946) er ein amerikansk bassist og gitarist.[1] Han er mest kjend som medlem av The Byrds. Han vart medlem av bandet i september 1968 då han tok over for den opphavlege bassisten Chris Hillman.[2] Han vart verande i gruppa fram til september 1969, då han vart sparka av dei andre tre medlemmene og erstatta av Skip Battin.[3] Trass i at han berre var med i bandet i eitt år, spelte han bass og song på studioalbuma Dr. Byrds & Mr. Hyde og Ballad of Easy Rider.

John York
Fødd3. august 1946 (73 år)
White Plains i New York, USA
FødestadWhite Plains
FødenamnJohn Foley York
OpphavUSA
Aktiv1965–til i dag
SjangerRock, countryrock
InstrumentBassgitar, gitar, oud
PlateselskapTribe, Columbia, Debris, Taxim
Verka somMusikarar, låtskrivarar, plateprodusent

Før han vart med i The Byrds hadde York vore medlem i The Bees og Sir Douglas Quintet, samt at han hadde arbeidd som studiomusikar for The Mamas & the Papas og Johnny Rivers.[4] Han var òg bassist i turnebandet til Gene Clark, som òg hadde spelt i The Byrds.[4] Han arbeidde òg med Clark i 1980-åra i bandet CRY.[5] York har òg gjeve ut tre soloalbum.

KjelderEndra

  1. «John York Biography». Taxim Records. Henta 22. juli 2010. 
  2. Hjort, Christopher (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 190–191. ISBN 1-90600-215-0. 
  3. Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 295–299. ISBN 0-95295-401-X. 
  4. 4,0 4,1 Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 279. ISBN 0-95295-401-X. 
  5. Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life og Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 264–265. ISBN 0-87930-793-5.