Jokkmokks kommun
Jokkmokk (nordsamisk Jåhkåmåhkke) ligg i det svenske länet Norrbottens län i landskapet Lappland. Administrasjonssenter i kommunen er Jokkmokk. Kommunen er den nest største kommunen etter Kiruna ut frå flatevidd. Kommunen grenser mot Noreg i vest og har grenser mot dei svenske nabokommunane Gällivare, Boden, Älvsbyn, Arvidsjaur og Arjeplog.
Jokkmokks kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Len | Norrbottens län | ||
Landskap | Lappland | ||
Del av | Lappland i Sverige, Q61679797, Q61669396 | ||
Areal | 19 334 km² | ||
- land | 17 601 km² | ||
- vatn | 1 734 km² | ||
Folketal | 5 113[1] (2011) | ||
![]() Jokkmokk | |||
Wikimedia Commons: Jokkmokk Municipality | |||
Jokkmokk vart grunnlagt på byrjinga av 1600-talet då kong Karl IX av Sverige valde å skape kyrkje- og marknadsplassar i det nordlege Sverige. Vintermarknaden Jokkmokks marknad som vert halde kvart år i februar vart først gongen halden i 1605.
Sidan 1950-talet har Jokkmokk opplevd ein storstilt utbygging av vasskraftsressursane i kommunen og kraftprodusenten Vattenfall har vore hjørnestensbedrifta i kommunen. Kommunen står for 10% av vasskraftproduksjonen i Sverige, og Harsprånget er det største vasskraftverket i landet.[2]
Geografi endre
Jokkmokk har store urørte naturområde, og nasjonalparkane Stora Sjöfallets nasjonalpark, Padjelanta, Sarek og Muddus ligg heilt eller delvis innanfor kommunegrensene. I Sarek ligg fjellmassivet Sarektjåkkå med det nest høgaste fjellet i Sverige, Stortoppen på 2089 moh. Det er fleire store innsjøar i kommunen, som Virihaure, Vastenjaure, Akkajaure, Stora Lulevatten, Saggat og Skalka som vert drenert av Lule älv eller sideelva Lilla Luleälven. Fjellbyen Kvikkjokk ved innsjøen Saggat er eit ofte brukt utgangspunkt for turar inn i nasjonalparkane Sarek og Padjelanta.
E45 går gjennom kommunen, det same gjer jernbanestrekninga Inlandsbanan.
Samisk språk og kultur endre
Ein stor del av innbyggjarane i Jokkmokk kommune har samisk som heimespråk eller kunnskap i samisk. Ein av dei fem sameskulane i Sverige og sameskulestyret held til i Jokkmokk. Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen.[3] Ájtte fjäll- och samemuseum er hovudmusset for samisk kultur i Sverige og ligg i kommunen.
Tettstader endre
Jokkmokk kommune hadde tre tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.[4]
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1. | Jokkmokk | 2 976 |
2. | Vuollerim | 800 |
3. | Porjus | 317 |
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Jokkmokk kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
- ↑ Artikkel om Jokkmokk kommune i snl.no
- ↑ Det svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk
- ↑ Statistiska centralbyrån den 31 december 2005