Jon Øystein Flink

Jon Øystein Flink (fødd 30. september 1976) er ein norsk forfattar og kritikar. Han er fødd og oppvaksen i Fredrikstad, men flytta til Oslo for å studere ved Musikkhøgskolen og ved universitetet. I 2003 debuterte han med romanen Ole-Kristian Oksrød, og året etter gav han ut den meir eksperimentelle Bort med den dagen da Jón ble født!. Flink har også vore aktiv som musikk- og litteraturkritikar.

Jon Øystein Flink
Fødd 30. september 1976 (46 år)
Yrke skribent

BøkerEndra

  • Ole-Kristian Oksrød, roman 2003
  • Bort med den dagen da Jón ble født! roman 2004
  • Banjoland, novellesamling, 2005
  • Direktøren og hans sekretær, drama 2008 (skrive for NRK Radioteatret)
  • Sex, død og ekteskap, roman 2009
  • Roger, lyddikt 2010
  • Mord i oppgangen, roman, 2014

Prisar og utmerkingarEndra

  • Ungdommens kritikerpris 2009/10, for Sex, død og ekteskap
  • Hilmar Orud-prisen, 2005.

BakgrunnsstoffEndra