David og Jon Haraldsson

(Omdirigert frå Jon Haraldsson)

David Haraldsson ( -1214) og Jon Haraldsson (-1231) var sams jarlar på Orknøyane, etter at far deira, Harald Maddadsson jarl døydde i 1206. Jon jarl var den siste orknøyjarlen av norrøn ætt.

Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.

Kjelder endre

Det meste av opplysningane om dei to brørne finn ein i Orknøyingasoga[1] frå kapittel 112, og i «Soga om Håkon Håkonsson»[2].

Familie endre

Omkring 1168 vart Harald Maddadsson gift med Gormflaith (Hvarflöd), dotter til Malcolm MacHeth, jarl av Ross, og ho var mor til David og Jon og til fire andre born: Torfinn, Gunnhild, Herborga og Langlif[3].

David og Joh hadde halvsyskena Henrik, Håkon, Helena og Margret. Dei var borna frå Harald jarl sitt første ekteskap med Afreka, dotter til Duncan (Donnchad) I, jarl av Fife.

Det er nemnt at Jon hadde ein son, Harald, som drukna i 1226.[4] Jon jarl hadde òg truleg ei dotter[4] som i 1214 vart gitt som gissel til skottekongen William (The Lion).[Note 1]

Liv og lagnad endre

Om David Haraldsson jarl er det berre nemnt at han vart jarl saman med broren i 1206, men døydde av sjukdom i 1214[5].

Etter at David døydde, styrte Jon Haraldsson jarl åleine over heile Orknøyriket.

Drapet på biskop Adam endre

 
Ruinen av Brawl slott, som ein reknar med var orknøyjarlane sitt tilhaldstad, ikkje langt frå Halkirk i Thurso-dalen[6].

I det siste kapittelet i Orknøyingasoga blir det fortalt om katanesingane som var særs misnøgde med den nye biskopen, biskop Adam, fordi han la heilt urimeleg skattar på dei. Dei tok saka opp med Jon jarl, som var «eit lite stykke derifrå», men han ville ikkje ha noko å gjere med det. Det enda til sist med at bøndene førte biskopen inn i eit lite hus «ved Høgkyrkja i Torsdal»[Note 2] og sette eld på, og der miste biskop Adam livet. Då den skotske kongen, Alexander II[7], fekk høyre om hendinga, kom han med hæren sin til Caithness og la hard straff på dei som hadde utført ugjerninga. Sjølv om Jon jarl med vitne prova at han ikkje var medskuldig i drapet, la kongen streng straff på han òg, slik at han måtte gi opp «ein stor lut av landet sitt» og betale til kongen ein stor sum med pengar.

Denne hendinga skal ha skjedd i 1222 og er òg nemnt i krønika til «John av Fordun».[8]

Tilhøvet til den norske kongen endre

Jon jarl var fleire gonger i Noreg. I 1223 var han, saman med biskop Bjarne Kolbeinsson[Note 3], tilstades på riksmøtet i Bergen (Bjørgvin) (29. juli 1223)[9]. Etter dette riksmøtet kan det sjå ut til at kong Håkon Håkonsson hadde ei viss mistru til Jon jarl, truleg vedrørande styring av jarleriket, og under ein tur til Noreg våren 1224, måte Jon jarl la sonen sin, Harald, bli verande att som gissel hjå kongen[10].

Slik vi kan lese det i sogene, må tilhøvet mellom kongen og jarlen seinare ha vore toleleg bra, dei utveksla gåver og seinast sumaren 1228 fekk Jon jarl av kong Håkon eit godt langskip og mange andre gode gåver[11] .

Drapet på Jon jarl endre

 
Ruinane av Cubbie Roo's Castle på Wyre, kastellet der Hånev og mennene hans forskansa seg, etter at dei hadde drepe Jon jarl.

På Orknøyane var der ein mann som heitte Snækoll Gunnarsson. Mor hans var Ragnhild, dotter av Eirik Stagbrell og Ingrid (Ingegjerd) Ragnvaldsdotter. Oldefar hans var Ragnvald jarl den heilage og morbror hans var orknøyjarlen Harald Eiriksson. Snækoll gjorde krav på eigedomar på øyane, som han meinte høyrde til Ragnvalds-ætta, men Jon jarl rådde då for gardane og han ville ikkje gi dei frå seg. Denne usemja gjorde at det vart stort fiendskap mellom dei. Snækoll meinte til sist at det ikkje var ufarleg for han å vise seg nær jarlen, og han søkte til Hånev Unge, som var kongen sin sysselmann på øyane.

Om hausten 1231 for Jon jarl og Hånev Unge saman over til Torså (Thurso), og dei hadde begge stort følgje[12]. Det vart ofte usemje mellom mennene deira når dei råkast drukne om kveldane. Ein kveld dei sat og drakk, kom ein mann inn til Hånev og sa at jarlen tenkte seg til å ta på dei om natta. Hånev, Snækoll og mennene deira væpna seg då og gjekk med «ufred og eld» til huset der jarlen var, og bar straks våpen på dei som var der. Jarlen rømde ned i ein kjellar (undirklefi) under huset for å gøyme seg, men der vart han funnen. Soga nemner fleire av mennene som var med på åtaket; utanom Hånev og Snækoll, var det Sumarlide Rolvsson, Olve Ilt-eit, Torkjell og Ravn, og der drap dei Jon jarl. Det vart seinare sagt at jarlen hadde ni sår, men at det var Snækoll som gav han banesåret[13].

Etter ugjerninga drog drapsmennene ut til Orknøyane og sette seg i kastellet som Kolbein Ruga hadde gjort på Wyre[14]. Mennene til jarlen fór då ut til Wyre, der dei kringsette borga og ville hemne drapet. Men til sist vart det gjort eit forlik og drapsmennene fekk grid, mot at dei skulle la kong Håkon i Noreg avgjere saka.

 
Kart over Bergen frå 1757. Bergenhus festning, merkt AA, ligg ved utløpet av Vågen, midt på biletet. Øverst ligg Toluholmen (Kristiansholm) merkt med DD.

Våren 1232 fór Hånev og felagane hans til Noreg, og på eit anna skip fór frendane og venene til jarlen.

Om sumaren let kongen kalle inn til eit hirdstemne på festninga i Bergen, og der vart saka avgjort. Fem av drapsmennene vart ført ut på Toluholmen[15] og halshogne der, men Snækoll og Hånev vart ikkje straffa.

Orknøyingane gjekk om hausten om bord på eitt skip for å reise heim, og mellom dei var «dei beste menn på øyane». Dette skipet forliste med alle som var om bord, og der omkom alle dei næraste venene og slektningane til Jon jarl.[Note 4]

Slutten endre

I tett på 350 år rådde den norrøne jarleætta på Orknøyane og mellom mennene i denne ætta var mange dugande hovdingar og mektige krigarar som vart vide kjende. På Orknøyane finst mange storfelte minnesmerke etter dei, og to av dei norske/skotske helgenane kom frå denne ætta. Men soga om dei norrøne orknøyjarlane fekk ein miserabel ende; eit drap i ein mørk kjellar, utført av ein flokk ustyrlege menn som hadde fått for mykje å drikke.

Etter at Jon jarl var borte, kanskje så tidleg som i oktober 1232[16], vart skotten Magnus utnemnd til jarl på Caithness og Orknøyane. Han var son til Gilbride, jarl (mormaer) av Angus[17]. Det er blitt diskutert om den skotske Magnus jarl hadde ætteband til Jon jarl, eller kanskje til Harald Eiriksson jarl (Harald Unge), men det blir oftast rekna med at Jon jarl var den siste orknøyjarlen av norrøn ætt.

Orknøyingasoga[18] opplyser at sonen til Harald Maddadsson, Henrik (Eanric mac Arailt mac Mataidh), skal ha blitt herskar over jarledømet Ross i Nord-Skottland, men dette er ikkje historisk dokumentert.

I «Lawrie-annalen»[19] blir det opplyst at dottera som kong William tok som gissel i 1214, heitte Johanna. Ho skal ha blitt gift med Freskin de Moravia, Lord of Duffus, og ho døydde før 1269.

Referanseside Føregangar O r k n ø y j a r l Etterkomar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Harald Maddadsson Jon Haraldsson
Samstyre med:
David Haraldsson
Magnus II (skotsk) Jon jarl var den siste
jarlen av norrøn ætt.

Kjelder og utfyllande opplysningar endre

Notar endre

  1. Ho vart truleg teke som gissel i samband med ein fredsavtale som vart gjort mellom Jon jarl og kong William, i august 1214 i Moray, der Jon jarl vart akseptert som jarl over Caithness.
  2. Truleg skjedde dette i Halkirk i Thurso-dalen. Orknøyjarlane heldt truleg til i Brawl Castle, ikkje langt frå Halkirk.
  3. Det var på denne tida at biskop Bjarne døydde, medan han framleis var i Noreg.
  4. Forliset er nemnt i «Soga om Håkon Håkonsson», kapittel 173 og i dei Islandske annalane for året 1232 (Týnndiz gödingaskip af Orknéyivm).

Fotnotar endre

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Soga om Håkon Håkonsson v/ Sturla Þorðarson (1963)
  3. The Northern earldoms, kapittel 6.3
  4. 4,0 4,1 Sutherland and Caithness in saga-time av James Gray (publ. 1922), s. 95.
  5. Orknøyingasoga, kap. 112: David døydde det same året som Håkon Galen døydde i Noreg
  6. Om Brawl Castle: «The Northern Earldoms», kap. 6.7.1
  7. Alexander II Skotsk konge i tida 1214-1249
  8. John of Fordun's Chronicle of the Scottish nation om Jon jarl side 284f
  9. Soga om Håkon Håkonsson, side 91
  10. I dei Islandske annalane er det opplyst at Harald Jonsson drukna i 1226.
  11. Soga om Håkon Håkonsson, side 159
  12. Soga om Håkon Håkonsson, side 164,165
  13. Dei islandske annalane nemner for året 1231: Vig Jons jarls
  14. I dag: Cubbie Roo's Castle
  15. Bergens byleksikon Om rettarstaden på Kristiansholm (Toluholmen)
  16. »The Northern Earldoms, kapittel 7.1
  17. The Angus line frå orkneyjar.com
  18. Orknøyingasoga, kapittel 112
  19. «Annals of the reigns of Malcolm and William, kings of Scotland» av Archibald Campbell Lawrie (publ. 1910), side 397

Bakgrunnsstoff endre