Jon Lilletun

norsk politikar

Jon Lilletun (23. oktober 194521. august 2006) var ein norsk politikar som representerte Kristeleg Folkeparti, der han òg var nestleiar i 12 år. Han vart fødd i tidlegare Vossestrand kommune, no innlemma i Voss.

Jon Lilletun
Fødd23. oktober 1945
Vossestrand kommune
Død21. august 2006 (60 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
VervNorsk kyrkje- og undervisningsminister 17. oktober 1997–17. mars 2000
FøregangarReidar Sandal
EtterfylgjarTrond Giske
VervStortingsrepresentant 1989–2009
Alle verv

Før han vart heiltidspolitikar arbeidde han mellom anna som handelsmann, kommunal ungdomskonsulent, kultursjef og tiltakskonsulent. Han var vararepresentant på Stortinget i tida 19811985, og vart innvald frå Vest-Agder fylke i 1989. Lilletun var statsråd i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i Sentrumsregjeringa frå 1997 til 2000. Han var gjennom fleire av sine stortingsperiodar KrF sin representant i kyrkje- og undervisingskomiteen, der han var leiar frå 1993 til 1997.

Kjell Magne Bondevik danna si andre regjering i 2001, samarbeidsregjeringa, gjekk Lilletun inn som parlamentarisk leiar for KrF på Stortinget, ei stilling han hadde til han vart sjukmeld i 2005.

Etter stortingsvalet i 2005 vart Lilletun KrF sin representant i presidentskapet på Stortinget, som visepresident i Lagtinget. Lilletun tok etter valet hausten 2005 fatt på si fjerde periode som stortingsrepresentant for KrF innvald frå Vest-Agder.

Våren 2005 gjekk han ut i permisjon på gunn av sjukdom, og Sigmund Kroslid møtte som vara.

Regjering endre

Stortingets presidentskap endre

Stortingskomitear endre

Bakgrunnsstoff endre