Jon Michelet
Jon Michelet (fødd 14. juli 1944 i Moss, død 14. april 2018)[1] var ein norsk forfattar. Han arbeidde også som sjømann, bryggearbeidar, journalist, forlagsredaktør og sjefredaktør i Klassekampen. Michelet var medlem av fylkestinget for Østfold fylke og Kringkastingsrådet, styremedlem i Norsk Styrmandsforening og Raud Valallianse.
Jon Michelet | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. juli 1944 Moss kommune |
Død |
14. april 2018 (73 år) |
Yrke | skribent, programleiar, politikar, journalist, redaktør, sjøfolk, havnearbeider, forleggjar, barnebokforfattar |
Periode | 1975-2018 |
Politisk parti | Arbeidernes kommunistparti, Raud Valallianse, Raudt |
Far | Johan Michelet |
Born | Marte Michelet, Tania Michelet |
Debut | Den drukner ei som henges skal |
Nettstad | jonmichelet.com |
Jon Michelet på Commons |
Liv
endreBakgrunn
endreMichelet var utdanna overstyrmann og studerte i tillegg ved Journalisthøgskulen i Oslo.
I 1970-åra var Michelet sentral i den norske ml-rørsla, og arbeidde frå 1972 til 1976 i AKP-forlaget Oktober, dei siste par åra som forlagssjef. Han stod i spissen for partiet si oppbygging av kjeda med Oktober-bokhandlar. Etter perioden som forlagssjef var han ei tid bryggesjauar i Oslo. I dette var det et element av sjølvproletarisering, sa han i eit NRK-program.[2]
I tida 1997-2002 var han redaktør for avisa Klassekampen.
Forfattarskap
endreMichelet debuterte litterært i 1975 med kriminalromanen Den drukner ei som henges skal. Han har gjeve ut romanar, barnebøker, skodespel og sakprosa. Serien med bøker frå fotball-VM saman med Dag Solstad er vorte ein sportslitterær institusjon. Boka Orions Belte vart filma i 1985 med regi av Ola Solum. Fleire av Michelet sine kriminalromanar med Wilhelm Thygesen i hovudrolla er dramatisert for NRK fjernsyn.
I 2003 vart han president i Rivertonklubben.
Politisk verksemd
endreMichelet deltok aktiv i protestar i Alta-saka.
I 2003 vart Michelet av Innsynsutvalet tilkjend erstatning for ulovleg overvaking. Etter nedgraderinga av Overvakingspolitiet sine arkiv vart det prova at han i i lengre tid på 1970-talet var utsett for massiv overvaking, irekna telefonavlytting og brevopning. I fylgje dokumenta skal Overvakingspolitiet ha rekna han som ein av toppleiarane i AKP (ml).
Bisetting
endreI bisettinga den 11. april i Rygge kyrkje vart Michelet takka av dåverande kulturminister «på vegne av regjeringa».[3] Blant dei som kom, var Audun Lysbakken, Carl I. Hagen, Bjørnar Moxnes, Edvard Hoem, Tove Nilsen, Unni Lindell, Dag Solstad, Nils Fredrik Dahl, Vigdis Hjorth, Kjartan Fløgstad, og William Nygaard.[4][5] Det Norske Sjømannskor song, og Arve Tellefsen spelte.[3]
Bibliografi
endre- Den drukner ei som henges skal - kriminalroman (1975)
- Mellom barken og veden - kriminalroman (1975)
- Jernkorset - kriminalroman (1976)
- Jernkorset - kapitlet som ble vekk - utdrag (1976) (saman med Tron Øgrim)
- Orions belte - kriminalroman (1977)
- Angrepet på Longeyarbyen - roman (1978)
- 7800 demonstranter sporløst forsvunnet - og andre merkverdige historier fra 1970-åra - sakprosa 1975)
- Matros Tore Solem og hans skip - skodespel (1979) (saman med Gunnar Bull Gundersen)
- Tiger Bay - roman (1979)
- Hvit som snø - kriminalroman (1980)
- Den gule djevelens by - kriminalroman (1981)
- Terra Roxa - roman (1982)[6]
- VM i fotball 1982 - sakprosa (1982) (saman med Dag Solstad)
- Jerv (jervere, jervest?) - roman (1983)
- Panamaskipet - kriminalroman (1984)
- Mannen på motorsykkelen - kriminalroman (1985)
- Min afrikanske eksplosjon - barnebok (1986)
- VM i fotball 1986 - sakprosa (1986) (saman med Dag Solstad)
- Brevet til Fløgstad - sakprosa (1987)
- Den flyvende brasilianer 1 - roman (1987)
- Den flyvende brasilianer 2 - roman (1988)
- Le Coconut - roman (1988)
- Thygesens terrorist - kriminalroman (1989)
- VM i fotball 1990 - sakprosa (1990) (saman med Dag Solstad)
- Farvel til en prins - roman (1993)
- VM i fotball 1994 - sakprosa (1994) (saman med Dag Solstad)
- Leve republikken - sakprosa (1995)
- VM i fotball 1998 - sakprosa (1998) (saman med Dag Solstad)
- Den frosne kvinnen - kriminalroman (2001)
- Aftensang i Alma Ata - kriminalroman (2003)
- Thygesen-fortellinger - krim (2005)
- Høyt mot nord, langt mot sør - dokumentarbok (2006)
- Den siste krigsseileren - biografi (2007)
- Havets velde - roman (2007)
- Mordet på Woldnes - krim (2008)
- Brev fra de troende -En internettbok om tro og tvil (2008)
- Snøfonnens geografi. Sju fortellinger og et dikt av min mor - eventyr (2009)
- Døden i baugen - roman (2010)
- Mappa mi - sakprosa (2011)
- En sjøens helt. Skogsmatrosen - roman (2012)
- En sjøens helt. Skytteren - roman (2013)
- En sjøens helt. Krigerens hjemkomst - roman (2018)
Prisar
endre- Rivertonprisen 1981 for Hvit som snø
- Språklig samlings litteraturpris 1991
- Rivertonprisen 2001 for Den frosne kvinnen
Referansar
endre- ↑ ««Jon Michelet (14.07.1944)»». forfatterkatalogen.no. Henta 14. februar 2013.
- ↑ Bokprogrammet sendt 13. oktober 2012.
- ↑ 3,0 3,1 Wandrup, Fredrik (27. april 2018), «- Han var storslagen», dagbladet.no (på norsk), henta 15. mars 2023
- ↑ Grønneberg, Mathilde Lea, Anders (27. april 2018), «Jon Michelet bisatt i dag: - Solen går ikke sin gang uten deg i livet», dagbladet.no (på norsk), henta 15. mars 2023
- ↑ Bjørke, Christian Nicolai (27. april 2018), «Jon Michelet bisatt i Rygge kirke», NRK (på norsk bokmål), henta 15. mars 2023
- ↑ https://snl.no/Jon_Michelet
Bakgrunnsstoff
endre- Bøker av Jon Michelet digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket
- Presentasjon av Jon Michelet på nettstaden til Forlaget Oktober
- Utgjevingar av Jon Michelet i BIBSYS[daud lenkje]
- Liv Køltzow. Mennesket Jon «Michelet». 2018-05-14. Klassekampen. S. 11