Jon Raude

norsk biskop

Jon Raude var erkebiskop i Nidaros frå 1267 til 1282. Han låg i strid med kong Magnus Lagabøter om kva som skulle ligge under verdsleg rett og kva som skulle ligge under kristenretten.

Jon Raude

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. hundreåret
Død

21. desember 1282
Skara

Yrke katolsk prest
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Jon Raude på Commons

I 1273 var det inngått ei sættargjerd eller avtale mellom kongen og biskopen. Denne gav kyrkja større innverknad på kongevalet, spesielt om det ikkje fanst ein rettmessig arving. I så fall skulle erkebiskopen avgje den første og viktigaste stemmen. I 1274 godtok paven denne avtalen dersom det vart lagt til tre nye paragrafar.Den endelege avtalen vart vedtatt i Tønsberg i 1277.[1]

Usemja mellom kongsmakta og kyrkja tok ikkje slutt med dette. Etter Magnus sin død i 1280 ville ikkje formyndarstyret til Eirik II Magnusson godta sættargjerda. Jon Raude svarte med å lyse dei i bann. Det hjelpte ikkje og i 1282 vart han dømt i utlegd og døyde i Skara i Sverige i 1282.[2]

Kjelder endre

  1. «Jon Raude (1267-1282)», Den katolske kirke (på norsk), henta 23. mars 2019 
  2. Salvesen, Helge (14. juni 2017). «Jon Raude». Store norske leksikon (på norsk).