Jon Rosenlid (3. desember 18911974) var ein meisterspelemann og slåttekomponist frå Fjelli i Stryn kommune i Sogn og Fjordane. Han budde mesteparten av tida i Bergen, og er kjend for drivande dansespel og for mange gode slåttekomposisjonar.

Jon Rosenlid
Fødd 3. desember 1891
Død

1974 (82 år)

Yrke musikar

Bakgrunn endre

Jon Rosenlid vaks opp i grenda Fjelli i Stryn iNordfjord. Foreldra var Lars Matiasson Rosenlid frå Fjelli (1857-1907) og Olina Rosenlid frå Hornindal (f. Bakke, 1857-1932). Jon Rosenlid var gift med Olava Rosenlid (f. 1894 i Rygg i Hornindal).

Spelemann endre

Medan han gjekk i småskulen byrja Jon Rosenlid å spele vanleg fele. I 1907, då Rosenlid var 16 år, fekk han høyre hardingfelespelet til Sjur Helgeland frå Voss. Det gjorde slikt inntrykk at han kjøpte seg ei hardingfele av felemakar Bertil Rasmussen i Bergen. Jon Rosenlid var ein av dei fyrste i Nordfjord til å ta hardingfela i bruk. Viktige læremeistrar var Magne Maurset, Jens K. Maurset, og Gabriel Reed på Breim i Gloppen.

Rosenlid flytta til Bergen i 1911, og budde der mesteparten av livet. I Bergen arbeidde han som skreddar. Han var med på å skipe Fjellbekken spelemannslag, og leia laget i mange år. Dessutan var han fast spelemann for leikarringen i Bergen Ungdomslag Ervingen i over 50 år.

I 1924 turnerte Rosenlid som slåttespelar i USA, og året etter vann han Landskappleiken.

Musikalsk ettermæle endre

Den som har vidareført mest av Jon Rosenlid sitt spel er Finn Vabø i Bergen.

Prisar og utmerkingar endre

I 1965 vart Jon Rosenlid heidra med Kongens Fortenestemedalje i gull for sin innsats som spelemann. Han var og æresmedlem i Landslaget for spelemenn og i Bergen Ungdomslag Ervingen.

Bakgrunnsstoff endre