Jondølen
Springaren Jondølen er spela i mange variantar i Telemark, Hallingdal, Numedal og Valdres. Slåtten er tolleg gamal, og det tonale stoffet er særmerkt. Slåtten er og særmerkt ved at slåtteformene er spela på tre ulike felestille: Forstemt (G-C-A-E), nedstilt bass (G-D-A-E) og Oppstilt bass (A-D-A-E). Det er ei statistisk opphoping av variantar frå Telemark, og slåtten har vore nytta av Håvard Gibøen og Gamle Hans Fykerud. Namnet Jondølen er knytt til Jondalen i Buskerud, og det høyrer ei vise til slåtten, Jondalsvisa, ei friarvise som var mykje nytta av Talleiv Røysland.
Jondølen har vore mykje nytta i Seljord, og noko tyder på at Jon Kjos har kjend ei form av han.
I Valdres heiter slåtten gjerne Sylkjegulen, og er i tradisjon etter Ulrik Jensestogun. Olav Moe meinte det var Bendik i Nøen som hadde laga slåtten. Valdresforma fekk eit oppsving i popularitet for nokre år sidan.
Tonaliteten i slåttane er jamt over gamal og fylt med blåtonar. Dette gjev slåttane alderdommelege og noko mystiske. Under utføringa av slåttane kan det vera viktig å ta vare på dette preget.
Variantgruppa Endra
Variantgruppa står som nr 525 i hardingfeleverket, medan valdresforma sylkjegulen er trykt opp som nr 174 (sytten variantar i alt). Sju av formene frå Telemark er spela på nedstilt bass, og sameleis er formene frå Hallingdal og Valdres. Utgangspunktet for desse slåttane kan vera Gamle Hans Fykerud. Fire former er spela på forstemt (Knut Vågen, Gunnulv Borgen, Eivind Groven og Johannes Dale). Desse slåttane er truleg Gibø-tradisjon. Tre variantar er spela på vanleg oppstilt bass. Desse er for det meste knytt til Numedal, og er forma ut som Tvibeitslåttar.
- 174: Springar etter Jensestogun, Bendik i Nøen eller Sylkjegulen, etter Olav Moe, Nord-Aurdal [1][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1394). Olav Moe sa ”det er berre ein einaste ein som er den rette sylkjegulen, og det er denni”. Han meinte Bendik i Nøen skulle ha laga slåtten. Første veket slenger inn på ein gregoriansk hymne. Nedstilt bass. Bendik lærde bort slåtten til Ulrik Jensestogun før han for til Amerika.
525:
- a: Jondølen, etter Rikard Gøytil, Rauland [2][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1953 (G 823). Nedstilt bass.
- b: Sagafoss-springar, etter Olav R. Berge, Rauland [3][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1921 (G 419). Namnet er etter spelemannen Halvor Sagafoss frå Heddal (f 1815). Nedstilt bass.
- c: Jondølen, etter Kjetil Haugen, Vinje [4][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1954 (G 442b). Groven skreiv opp mest same slåtten etter Eilev Laugård frå Vinje. Nedstilt bass.
- d: Jondølen, etter Eilev Smedal, Seljord [5][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1934. Nedstilt bass.
- e: Jondølen, etter Olav O. Flåto, Hovin, Telemark [6][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1960 (G 1173). Nedstilt bass.
- f: Springar etter Aslak Kleivane, etter Gunnleik Smedal, Seljord [7][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1921 (G 556). Kleivane (1840-1908) kom frå Åmotsdal ova Seljord. Nedstilt bass. Ganske lik forma etter Eilev smedal (variant d).
- g: Springar etter Gamle Hans Fykerud, etter Johannes Dale, Tinn [8][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1961 (G 1295) etter opptak i NRK. Gamle-Hans lærde bort slåtten til Knut Dale, bestefar hans Johannes. Forma er og skrive ned etter Halvor Klonteig. Nedstilt bass.
- h: Sigurd Jondalen, etter Johannes Dale [9][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1961 (G 1255) etter opptak i NRK. Forstemt. Forma har truleg kome frå Håvard Gibøen.
- i: Jondølen, etter Eivind Groven, nedskrift 1960 (G 1231) [10][daud lenkje]. Groven hadde slåtten etter Halvor Einung og andre kjelder. Slåtten har og med nokre vendingar som Talleiv Røysland nytta i si kvedarutforming. Forstemt.
- j: Jondølen, etter Gunnulv Borgen, Bø i Telemark[11][daud lenkje] . Nedskrift Truls Ørpen (Ø 408). Forstemt.
- k: Jondølen, etter Knut Vågen, Rauland [12][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1937 (B 805). Vågen hadde slåtten etter far sin, Kjetil Håvardsson, som hadde han etter Håvard Gibøen sin far att. Forstemt.
- l: Trulseguten, etter Olav Løndal, Tuddal [13][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1964 (G 1453). Oppstilt bass.
- m: Bekar-Anne, etter Halvor Kåsin, Nore [14][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1960 (G 1178). Oppstilt bass.
- n: Bekar-Anne (Gamle Hans-slåtten), etter Hellik Juveli, Flesberg[15][daud lenkje] . Nedskrift Sven Nyhus 1977. Oppstilt bass. Gamle Hans kunne vera Gamle Hans Fykerud. Denne forma er og spela på Sjøfløyte i Numedal.
- o: Springar frå Hallingdal, etter Engebret Ødegård, Flå [16][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen (Ø 240). Dette er den opphavlege hallingforma av slåtten. Nedstilt bass.
- p: Riddalskongen, etter Olav Sataslåtten, Torpo [17][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1976 etter opptak. Truls Ørpen skreiv og ned denne forma etter Sataslåtten. Riddalen er ein dal på vestsida i Torpo. Sataslåtten bygde sjølv ut denne forma. I dag er det mange som nyttar ho. Nedstilt bass.