Jonisk søyleorden

Jonisk søyleorden er ein av tre søyleordenar i klassisk arkitektur. Han blei utvikla i det austlege Hellas; dei eldste kjende eksemplara er frå Smyrna, om lag 600 f.Kr. Tempelet Erekteion i Aten er eit av dei beste kjende døma på den fullt utvikla joniske arkitekturen.

Jonisk søyleorden
Erekteion i Aten

Den joniske søyla er noko slankare enn den doriske, har vanlegvis basis, og kapitelet har form av ein halvt utrulla pergamentrull med uthogne blomsterband, voluttar. Søyla har òg djupe kannelyrar. Det joniske entablementet (bjelkeverket) har nedst ein arkitrav som vanlegvis er delt i tre like høge band. Denne ber frisa, som kan vera glatthogd eller utstyrt med relieffskulptur. Øvst følgjer ein gesims (kornisj) som hjå grekarane var samansett av to ledd, karniss og kyma. I romersk arkitektur blei gesimsen gjort rik med kraftigare tannsnitt og eggstav.

Basis i joniske søyler består vanlegvis av ein nedre og øvre vulst eller torus, med ein hulkil imellom. Søyleskaftet har mindre utprega entasis enn i doriske søyler, og det har helst 24 kannelurar, skilt av smale framskytande ryggar der utsida er ein del av sylinderen til søyleskaftet.

Den joniske søyleordenen blei mykje brukt i klassisistisk arkitektur. To kjende døme i Oslo er Slottet (med glatte, ikkje kannelerte søyleskaft i fronten) og Universitetsbygningen.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Ahlstrand, Jan Torsten.; Arkitekturtermer. Lund: Studentlitteratur, 1976, ISBN 91-44-02852-0

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jonisk søyleorden