Joranger kyrkje
kyrkje i Luster kommune
Joranger kyrkje er ei langkyrkje[1] frå 1600-talet som står på Indre Hafslo i Luster kommune i Vestland. Kyrkja, som ligg på ei høgd med utsyn over Lustrafjorden, er bygd i tre og kvitmåla.
Joranger kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: C. Christensen Thomhav/Riksantikvaren | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Luster | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sogn | ||
Sokn | Fet og Joranger | ||
Fellesråd | Luster | ||
Stad | Indre Hafslo | ||
Type | Langkyrkje | ||
Teknikk | Tømra | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 85 | ||
Joranger kyrkje 61°22′41″N 7°17′19″E / 61.3781°N 7.2887°E | |||
Wikimedia Commons: Joranger kirke |
Medan ein tidlegare rekna med at kyrkja var bygd rundt 1660, viser dateringar av interiør og inventar at ho sannsynlegvis er eldre, truleg frå byrjinga av 1600-talet. Altartavla er måla i 1639, medan bjelkane i kortaket har vore dekorert i 1643 og 1652.
Også før den noverande kyrkja blei bygd har det stått kyrkje på staden. To kyrkjeklokker som finst her er frå 1200-talet. Ein bronselysestake frå same hundreåret finst no på Bergen Museum.
Joranger kyrkje er i lag med Fet kyrkje soknekyrkje i Fet og Joranger sokn i Sogn prosti.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Joranger kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- «Joranger kyrkje» på nettstaden til Luster kommune Arkivert 2007-10-24 ved Wayback Machine.
- «Joranger kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- ↑ Kyrkjebyggdatabasen skriv at Joranger har "korsplan", det må vere ein feil.
Bakgrunnsstoff
endre- Om Fet og Joanger kyrkjelydar på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Univeristetet i Bergen
- Joranger kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Joranger kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.