Jordsjukantologien nr. 1
Jordsjukantologien nr. 1 er ei diktsamling skriven av Stein Torleif Bjella. Dette er den fyrste boka til Bjella, som debuterte som musikkartist i 2009 med albumet Heidersmenn.
Forfattar(ar) | Stein Torleif Bjella | ||
---|---|---|---|
Språk | norsk | ||
Sjanger | dikt | ||
Utgjeven | 2017 | ||
Forlag | Forlaget Oktober | ||
ISBN 978–82–495–1903–3 |
Diktsamlinga fekk mykje god kritikk, og var mellom anna på Klassekampen si liste over dei beste bøkene i 2017.[1] Gode meldingar kom i mellom andre Klassekampen, VG og Universitas.[2][3][4] Dagbladet var derimot meir kritisk i si melding, og meinte boka var uambisiøs.[5]
Bjella las opp nokre av dikta i spoken word-stil akkompagnert av musikk på albumet Jordsjukantologien Musikken.
Kjelder
endre- ↑ Årets beste bøker 2017. (9. desember 2017). I Klassekampen. Henta den 25. april 2020.
- ↑ Skancke-Knutsen, Arvid. (28. oktober 2017). Heimstaddiktning. I Musikkmagasinet i Klassekampen. Henta den 25. april 2020.
- ↑ Stølan, Arne Hugo. (21. oktober 2017). Spenstig og smart diktdebut fra Stein Torleif Bjella: Bokanmeldelse: Stein Torleif Bjella: «Jordsjukantologien Nr. 1». I VG. Henta den 25. april 2020.
- ↑ Johannesborg, Philip André. (2. november 2017). «Jordsjukantologien»: Bjella ringer høsten inn Arkivert 2021-01-27 ved Wayback Machine.. I Universitas. Henta den 25. april 2020.
- ↑ Grønlie, Espen. (21. oktober 2017). Stein Torleif Bjellas bokdebut virker grunnleggende uambisiøs. I Dagbladet. Henta den 25. april 2020.