Jordskjelvet i Haicheng 1975

Jordskjelvet i Haicheng i 1975 var, om rapportane frå Folkerepublikken Kina kan setjast lit til, den fyrste gongen seismologar klarte både å forutseie eit større jordskjelv, og å syte for at ein stor forkesetnad stort sett vart evakuert i tide.

Den 4. februar 1975 vart Haicheng i provinsen Liaoning i det nordlege Kina ramma av eit jordskjelv på 7,0 (eller 7,3 på Richters skala, som då var i bruk). Byen hadde då rundt éin million innbyggarar. Seismologar hadde sendt ut åtvaring om jordskjelvsfaren ein dag i forvegen, og det gjekk ut ordre om evakuering av byen. At dyr oppførte seg uvanleg, bidrog til at ordren i særs stor grad vart fylgd. Evakueringa var fullført 5 1/2 time før jordskjelvet fann stad.

Jordskjelvet ramma klokka 19.36 lokal tid. Meir enn 2 000 menneske omkom, og mange vart skadde. Det vart meldt om store skadar i Yingkou-Haicheng-området. Mindre skadar vart meldt i Seoul i Sør-Korea.

Jordskjelvet merktest både i Primorskij kraj i Sovjetunionen og på øya Kyushu i Japan.

Kjelder endre

?